Framside
Nyheitsarkiv
Om ukveld.net
Ungdomskveld
In*Puls
Ungdomskoret
Bilde
Musikk
Video
Lenker
Kontakt oss


02/02 2010
ukveld med g&s med vaniljesaus til...


Og kva er g&s tenker du kanskje!?

 

Vel, om du ikkje klarer å gjette deg til det får du ta turen på ukveld på laurdag for å finne det ut! :) Og så håper eg at alle som gjettar det også tek turen på laurdag!

 

Det er gruppe 1 som har ansvaret denne gongen, og vi har fått med oss Odd Christian Stenerud til å halde andakt. Det blir også lovsang, og mulighet til å få forbønn. Etter møtedelen trekk vi ned i kjellaren, der det blir g&s med vaniljesaus til, leik og mykje morro! :)

 

Idag (tirsdag) er det klart for årets andre In*Puls samling - og alle fra 8.klasse og oppover er velkommen! Nytt av året er at dei som går på videregående også er velkommen til å være med på In*Puls! :) Så ta turen på bedehuset kl 20.00!

 

På søndag er det igjen tid for storsamling på bedehuset kl 17.00 - ei samling for alle generasjonane som går på bedehuset.

 

Ta med deg ein venn eller sju og kom - både tirsdag, laurdag og søndag! :)

 

 

 

- - - - - - -


17/01 2010
Mykje som skjer...


Den kommende veka kan du få med deg noko som skjer på bedehuset kvar dag om du vil.

 

Ikveld (søndag) er det vitne- og lovsangsmøte kl 19.30. Et møte for både ungdom og vaksne.

 

Mandag er det øving for ungdomskoret kl 20.00

 

Tirsdag kl 20.00 startar In*Puls oppatt for året, etter at det i haust var bytta ut med ungdomsalpha. Gamle og nye In*Pulsera er velkommen! Ei In*Puls-samling inneheld vanligvis ei andakt, litt sang og sosialt.

 

Onsdag-fredag er det Barnemøteveke der Ingrid Kvam Steinshamn (frå ImF-ung) kjem - så kanskje du har ei lillesøster eller ein lillebror du kan ta med deg på møte kl 18.00 desse dagane?

 

Fredag kjem Vestborgrussen og har møte kl 19.30

 

Laurdag er det igjen klart for Ukveld kl 21.00. Denne gongen får vi besøk av ein gjeng frå Bildøy Bibelskole - deriblant Lydia. Ukveld-gruppe 2 med Øyvind, Kaisa og Malin i spissen har ansvaret for mat og underholdning.

 

Ta med deg ein venn eller ti og kom på bedehuset ein kveld eller to eller sju den kommande veka! :)

 

 

- - - - - - -

 


07/01 2010
nytt år, ny start


Ungdomskveld laurdag klokka 21! Presis!

 

Endeleg er det ukveld på Godøya igjen, for aller første gong i 2010! Nytt av året er at vi skal prøve å starte presis kvar gong.

 

Dei fleste likar helst å dukke opp rundt 21.10 eller til og med nærmare 21.30, men årets beste tips er altså å kome seg ut av sofaen nokre minutt tidlegare og få med deg alt som skjer.

 

Vi startar med møtedel oppe klokka 21.00.00, med eit par nye musikarar og greier. Så tuslar vi ned i kjellaren etter kvart og tar livet med ro utover kvelden/natta.

 

Er du klar?

 

Så klart du er! Få med deg alle du kjenner og ikkje kjenner, så snakkast vi på laurdag. Klokka 21. Eller gjerne til og med litt før! :)

 

PS! Det blir Singstar i kjelleren utpå kvelden! :) So varm opp stemma og ver klar!

 

- - - - - - -


26/12 2009
5-4-3-2-1: 2010!


Snart klart for årets store klemmefestival!

 

Men først er det litt andre ting som står på programmet før 2009 tek slutt:

 

IUF-festen 28. desember kl 20.00.Tradisjonen tru blir dette ein kveld fylt med finkledde folk, andakt, lovsang, sang frå nye og gamle ungdomskoristar, mat, underholdning og juletregang der det blir gitt ordet fritt!

Ta på deg finstasen og ta med kr 50,- til mat og brus og ein 50-lapp ekstra dersom du vil være medlem i Godøy og Alnes IUF!

 

Lovsangsfest 31. desember kl 22.00. I år droppar vi den tradisjonelle midnattsmessa og dreg heller igang ein lovsangsfest på nyttårsaftan. Kva er vel betre enn å avslutte året med å synge lovsangar og slik takke Gud for alt Han har gitt oss i løpet av 2009?

Litt før midnatt trekk vi ut vi vintermørket for å vere klare til årets klemmefestival idet klokka blir 00.00 og vi skriv 2010! Før kulda tek oss, trekk vi innatt for å bli underholdt så godt som vi aldri har blitt det før i 2010!

 

 

- - - - - - -


08/12 2009
hei hå, nå er det jul igjen...


juleverkstad, julegraut, julebrus, julemusikk, julebordtennis, julebiljard

 

På laurdag er det klart for årets ukveld med juleverkstad og julegraut attåt. I kiosken har vi sjølvsagt fått julebrusa på plass. Og i cd-spelaren puttar vi julemusikk for å få den rette julestemninga til å lage julelenker og annan julepynt til årets førjulsturnering som går av stabelen i Godøyhallen laurdag 19. desember.

 

Dersom du mislikar sterkt ord som begynner på jul- så er kanskje ikkje dette ukvelden for deg...

Men dersom du vil konkurrere om å lage den lengste julelenka eller finne mandelen i julegrauten bør du ta turen til bedehuset på laurdag! :)

 

Bjørn-Inge Aurdal (skulelagsarbeidar i M&R) kjem for å halde andakt til oss, så blir det som vanleg litt sang på samlinga oppe før vi trekk ned i kjellaren for å skru opp julestemninga.

 

Ta med deg ein venn eller tre og kom!

 

 

PS: På søndag skal ungdomskoret synge på lysmessa som startar kl 19.00!

Koret møter opp kl 18.00!

 

- - - - - - -


24/11 2009
ukveld med film attåt


Film, filmquiz, snacks og pizzaskiver

 

Gruppe 3 er klare for ukveld på laurdag, og det håpar eg du også er! :) Det blir ein innholdsrik kveld som starter med møte kl 21, der Irene Krokeide Alnes kjem heilt gjennom tunnellen frå Alnes for å ha andakt til oss. Nils-Ove er tilbake frå Sør-Amerika og skal saman med resten av lovsangsteamet lede oss i lovsang.

 

Så blir det etterkvart tid for å trekke ned i kjellaren der vi får servert pizzaskiver, popcorn og potetgull som vi kan nyte til filmen "Bruce Almighty" med Jim Carrey i hovudrolla. Etter filmen vert det filmquiz! :)

 

Så ingen grunn til å sitte heime, eller å finne på noko anna denne kvelden; ta deg ein tur til bedehuset! :) Og ta gjerne med deg ein venn eller sju!

 

 

Minner også om at det ikveld (tirsdag) er ungdomsalpha kl 20.00

 

Bilder frå IUF/alpha weekend er no ute på bildesida.

 

- - - - - - -


11/11 2009
Ukveld med besøk frå Finnmark


Endeleg "vanleg" ukveld igjen

 

Etter Pit-Stop på Valderøya og ukveld med karneval er det på laurdag igjen tid for ein "vanleg" ukveld på Godøy bedehus. Denne gangen slepp du å kle deg ut, kom heller som du er! :)

 

Det er gruppe 2 som har ansvar for mat og underholdning og møteledelse denne kvelden, og vi får besøk av Jorunn og Olav Eikemo som til vanleg held til i Finnmark.

 

Ta med deg ein ven eller 10 og ta turen til bedehuset denne kvelden! :)

 

Minner om at Finnmarksforeninga har møter med Jorunn og Olav Eikemo torsdag, fredag og søndag også. Fredag er det basar, kanskje skal du ta turen og sjekke om du har vinnerlykke på fredag den 13.?!?

 

 

- - - - - - -


03/11 2009
Det har blitt november...


Halloween er over, ungdomsalpha er halvvegs og iuf/alpha weekend nærmar seg

 

Om du ikkje var på bedehuset på laurdag gjekk du glipp av mange fine/morsomme og skumle kostymer. Då benytta vi nemleg anledinga til å ha karnevalsukveld sidan det var halloween... Du har likevel mulighet til å få eit glimt frå kvelden dersom du tek turen innom bildesida.

 

Idag, tirsdag, har vi komt til den 6. samlinga med ungdomsalpha, det betyr at vi er halvvegs i serien samlingar. Det fine er at du ikkje treng å ha fått med deg dei første 5 for å få lov til å bli med vidare... SÅ velkommen til å ta turen innom bedehuset kl 20.00 i kveld :)

 

20.-22.november er det tid for IUF/alpha weekend på Orreneset. Det er ein tur for deg som har lyst til å tilbringe ei heil helg ilag med ungdomsgjengen på Godøy bedehus. Helga fyller vi med lovsangsfestival, undervisning om Den Heilage Ande, kanopadling/fotball/fjelltur viss været tillet det, leik og mykje morro.

Turen kostar kr 500,- og inkluderer overnatting, reise og middagar. Alle tek med seg eit brød og pålegg kvar til kvelds og frukost.

Send ei melding med navn, mobil og e-post til Oddveig på tlf 99 74 88 01 for å melde deg på! :)

 

 

- - - - - - -


27/10 2009
halloween @ godøy bedehus


Ta på deg eit fint/ morsomt/ kreativt kostyme og ta turen til bedehuset!

 

Karnevalet som skulle vere på ukveld i vår vart avlyst, derfor utnyttar vi at det er halloween på laurdag til å ha karneval igjen! Dei som hadde kostymet klart i vår kan no endelig få vist det fram! For deg som ikkje hadde kostymet klart, det er på tide å finne eit!

 

I tillegg til kåring av beste og verste kostyme blir det mykje leik og fjas, og litt seriøst med ei andakt.

Snacks skal du få dersom du tek med deg kr 40,- (her nyttar det dessverre ikkje med ”trick or treat”)…

 

Ta med deg ein venn eller sju og kom på halloweenkarneval på bedehuset på laurdag!

 

 

Til slutt kort om kva halloween eigentleg er:

”Halloween er det engelske navnet på Allehelgensaften, det vil si natta før Allehelgensdag, den katolske minnefesten for helgener og martyrer, og feiringa av denne kvelden. Ifølge engelsk tradisjon feires Halloween om kvelden den 31. oktober, dagen før 1. november, mens Allehelgensdagen eller «helgemess» i Norge er lagt til første søndag i november. Halloween har på 1900-tallet særlig blitt markert i USA der utkledde barn hver høst går fra hus til hus og tigger godteri.” – wikipedia

 

 

 

- - - - - - -


13/10 2009
endeleg gruppe 3 sin tur


Kaker, prinsessemuffins og guitarhero er noko av det gruppe 3 byr deg på laurdag

 

Men før vi får dette servert i kjellaren er det møte i salen oppe på bedehuset. Der vert det lovsang leda av Nils-Ove og co, og vi får besøk av Halvard frå Valderøya som skal ha andakt til oss.

 

Ingen grunn til å sitte heime på laurdagkvelden, ta heller med deg ein venn eller sju og kom på bedehuset kl 21.00 :)

 

 

 

 

 

PS: Ikveld (tirsdag) er det ungdomsalpha kl 20.00. Vi startar med litt mat, så skal Ingrid Knardal snakke til oss om korleis vi kan vere sikre på at vi er kristne, til slutt samlast vi i grupper og prater om kveldens tema og andre spørsmål om tru og liv.

 

 

- - - - - - -


05/10 2009
pit stop @ valderøy bedehus

23.-25. oktober brakar det laust med pit stop på Valderøy bedehus.

 

Det blir ei helg fylt med møter, KRIK, seminar, fotballturnering, paintball, hobby, gospelnight, masse folk, masse sang og masse Jesus! Ungdomskoret skal synge på gospelnighten, men vi håper mange godøyingar og giskingar får med seg det som skjer resten av helga også! :) sjekk ut programmet under videoen her.

 

 

PROGRAM FOR PIT STOP 09

Fredag 23. oktober

19.30 Bønnemøte

20.00 Ungdomsmøte v/Oddveig Karin Holmen

22.30 KRIK-samling

 

Lørdag 24. oktober

10.00 Bønnemøte

10.30 Bibeltime v/ Odd Arild Sævik

12.00-15.00 Seminar: Sjekk ut informasjon om dei ulike seminara på imf-ung.no

15.30 Fotballturnering

Alternative aktivitetar:

- Paintball

- Film i Fokus

- Kreativ verkstad

Påmelding og meir informasjon om aktivitetane her

20.30 Bønnemøte

21.00 Ungdomsmøte v/ Oddveig Karin Holmen

24.00 Gospelnight

Respons, Godøy Ungdomskor, Valderøy Ungdomskor og Herøy Gospelkor med fleire deltek.

 

Søndag 25.oktober

10.30 Bønnemøte

10.30 Bibeltime v/ Odd Arild Sævik

12.00 Sluttspel fotballturnering

13.30 Avslutningsmøte v/ Oddveig Karin Holmen

 

- - - - - - -

 


28/09 2009
haustferieukveld @ godøy bedehus


 

Laurdag er det igjen klart for ukveld. Denne veka er det gruppe 2 med Jan Oskar, Kjetil og Bente i spissen som er ansvarlege. Stine er heime på haustferie og er kveldens taler.

 

Gruppe 2 vartar opp med "ostisa" til kr 15,- (et så mange du vil) og "beat for beat". Så det er berre til å gle seg til ein kjekk kveld på bedehuset!

 

Ta med deg ein venn eller sju, så snakkast vi på laurdag! :)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

- - - - - - -


26/09 2009
ungdomsalpha @ godøy bedehus


I haust blir det ikkje In*Puls på tirsdagskveldane slik det har vore før, men tirsdag 29. september går startskuddet for ungdomsalpha på Godøy bedehus. Og i 10 veker framover vil det være Alpha tirsdagar mellom 19.30 og 21.30.

 

Ungdomsalpha er først og fremst for deg mellom 13 og 20år, men om nokon over 20år også vil være med, er dei velkomne!

 

Ein kveld på Alpha startar med kveldsmat, før vi får litt undervisning om kveldens tema. Etterpå sett vi oss i grupper der vi snakkar om temaet som er blitt tatt opp. Alpha er ein mulighet for deg til å få svar på spørsmål du måtte ha som har med den kristne trua å gjere. Eigentleg litt slik vi hadde det med bibelgruppene når dei starta våren 2008, berre at no skjer alt på bedehuset.

 

Du treng ikkje binde deg til å være med alle 10 tirsdagane, men det er sjølvsagt kjekt om du vil vere med på dei fleste! Ta turen på bedehuset tirsdag 29. september, så finn du ut om dette er noko du vil være med på vidare!

 

Har du lyst å vite meir om kva Alpha er før du kjem, kan du sjekke ut nettsida alpha-kurs.no, eller ta en prat med Oddveig eller Carina.

 

 

- - - - - - -

 


22/09 2009
ukveld @ godøy bedehus


Laurdag er det ukveld på Godøy Bedehus kl 21.00. Denne gongen får vi besøk av Inger Helene Kaldhol frå Ulsteinvik som skal ha andakt for oss.

 

Og gruppe 1 vartar opp med is og brownie til kr 15,- i kjellaren etter møtedelen. Der kan du også snope i kiosken, spele biljard, bordtennis eller andre spel.

 

Litt utpå kvelden blir det også ei delestund - så om du har eit fint bibelvers eller en opplevelse med Jesus du har lyst å dele med andre har du muligheten på laurdag! :)

 

Ta med deg ein venn eller fem og kom på bedehuset på laurdag!

 

PS! Du kan sjekke ut kven som er på ukveld-gruppene under ungdomskveld i menyen til venstre. Er du ikkje satt opp på ei gruppe, men har lyst å være med å arrangere ukveld er det berre å seie ifrå!

 

 

 

- - - - - - -


15/09 2009
In*Puls

Idag, tirsdag 15. september, startar In*Puls opp for hausten. In*Puls er bedehuset sin ungdomsklubb for deg som går på ungdomsskulen.

 

I kveld er du velkommen til å ta turen på bedehuset kl 20.00, så finn du ut meir om kva In*Puls er! :)

 

Ta gjerne med deg ein venn eller fem!

 

 

 

- - - - - - -


07/09 2009
laurdagskveld @ godøy bedehus


Det er tid for ukveld igjen.

 

Denne laurdagen får vi besøk av elfenbenskyst-misjonær Oscar Nordbø, som er på Godøya i forbindelse med Misjonssambandet si møtehelg på bedehuset.

 

Etter møtedelen oppe, trekk oss ned i kjelleren der det blir nachos (et så masse du vil for kr 20,-), kiosk, biljard, bordtennis og andre spel... Etterkvart blir det også ein Quiz, så det er berre å samle masse nyttig og unyttig kunnskap fram til laurdag! ;)

 

Ta med deg en venn eller fem og kom! :)

 

 

 

 

 

 

 

- - - - - - -


31/08 2009
Endelig er bildesida oppdatert


Synest du det er lenge sidan sist det var nye bilder her på sida?

 

No kan du sjekke ut bilda fra nyestyret sin ukveld-debut på bildesida her. Kaffemaskina kunne endeleg takast i bruk, men dessverre tok melkeskummaren altfor tidleg kvelden - satsar på å ha den oppe å gå igjen til neste ukveld, slik at det kan bli både kaffe og varm sjokolade då!

 

Førstkomande laurdag er det ikkje ukveld. Men kanskje du kan ta turen til Blindheim Bedehus der dei får besøk av TX Vikings? Desse er tidlegare kriminelle som har blitt frelst og forkynner Guds nåde i Jesus Kristus. Dei gir deg et ekstremt show fra kl 19.00!

 

Søndag er det samlingsfest på bedehuset kl 17.00. Dette er "sesongåpninga" for storsamlingane på bedehuset - med litt for alle aldersgrupper! Så ta med deg ein venn eller fem, og kom du også!

 

 

 

- - - - - - -


25/08 2009
Nyestyret sin ukveld-debut


Laurdag er det tid for ukveld igjen!

 

Denne gongen er det nyestyret beståande av formann-Oddveig, nestformann-Øyvind, kasserar-Jan Oskar, styre-Emilie, styre-Kjetil, styre-Kaisa, vara-Malin og vara-Bente som har ansvaret.

 

Sjølv om eit nytt styre er på plass, skal oss følge tradisjonen med å ha møte oppe først, der det fortsatt er Nils-Ove & co som skal lede oss i lovsang og andakta blir denne gongen ved Oddveig.

 

Etter møtet trekke oss ned i kjelleren, der det blir pizzakveld med pizza til kr 5,-per stykke, kiosk, bordtennis, biljard og andre spel. Og kanskje det til og med blir mulighet til å kjøpe ein ekte kaffe mocca! Og kven veit, kanskje har styret klart å klekke ut noko anna moro også! :)

 

Ta med deg ein venn eller fem og kom! På godøybedehuset laurdag 29.august kl 21 altso!

 

PS: også i år vil oss få i gang ukveld-grupper slik at også DU kan vere med å arrangere ukveld! Skriv deg på lista som vi legg ut på ukveld på laurdag om du har lyst å være med!

 

- - - - - - -


13/08 2009
Ukveld/årsmøte

Laurdag på Godøy bedehus!

 

Laurdag 15. august er det ungdomskveld for andre helg på rad. No flyttar vi tilbake til Godøy bedehus, der møtedelen startar oppe i hovudsalen klokka 21. Så ruslar vi ned i kjellaren etter kvart og et is og snacks, før det vert eit kort årsmøte. Så er det kiosk, bordtennis osv utover kvelden/natta.

 

For dei som ikkje har vore med på dette før - årsmøte er ikkje farleg! Det avtroppande IUF-styret presenterer årsmelding og rekneskap, før vi vel inn nye folk i styret. Alle som er aktuelle for val har fått spørsmål på førehand, så du treng ikkje å frykte å bli nominert der og då :)

 

Få med deg alle vennane dine og endå litt fleire, så snakkast vi på laurdag!

 

- - - - - - -


05/08 2009
Endelig ukveld!


Ventetida er over...

 

Etter ein lang sommar utan ungdomskveld på Godøya, er vi endelig i rute igjen. Men sidan det skal vere bryllupsfeiring i Godøy-bedehuset til helga, vert det ungdomskveld på Alnes! Så då tar vi med oss bordtennisutstyr, spel, bassforsterkar og andre ting som er kjekt å ha og susar gjennom Alnestunnelen.

 

Aleksander er kjøkkensjef og steiker Grandiosa til alle som vil ha, i tillegg går det rykte om både Playstation, Svisj-UNO og Ligretto.

 

Få med deg alle vennane dine og kom på Alnes seinast klokka 21 - haustsesongen er i gang! :)

 

- - - - - - -


30/06 2009
Sommaren 2009


Kva skjer på Godøya, Vigra og i Kongeparken?

 

Sommar. Ferie. Ta livet med ro. Sløvings. Fotball. Bading.

 

Sommarferie er herlig, men det er viktig å ikkje ta ferie frå absolutt alt. "Ferie gir hvile, Guds ord gir kraft" er mottoet til Lyngdal Bibelcamp. Og det gjeld oss alle. Vi treng kvile - men vi treng også kraft!

 

"For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur." (Rom 1:16).

 

Forhåpentlegvis vil du bruke sommaren 2009 til å få både kvile og påfyll. Her har du i alle fall nokre gode tips til kvar du kan få både høyre Guds ord og nyte ferien på alle andre måtar:

 

  • Sagabu. Kvar laurdag frå mai til september er det ungdomskveld i denne koslege hytta på Blimshaugen på Vigra, rett oppom Blimssanden. Dørene opnar 21.30, så er det andakt, song, kiosk, bordtennis og sosialt samver utover natta!

  • Ungdomscampen. Tenkt deg til Sørlandet i sommar? Frå 28. juni til 26. juli er det full fart på Lyngdal Bibelcamp. For ungdommane er det eige opplegg med bibeltimar, kveldsmøte, spennande aktivitetar, bading, fotball og mykje anna.

  • Skjærgårds. 30. juni til 5. juli er det Skjærgårds Music & Mission Festival på Risøya på Sørlandet. Musikken er hovudfokuset her, med namn som Paul Grønseth, Humming People, Kevin Max, Sarah Kelly, Salvador, Garness og Sixpence none the richer på gjestelista!

  • KRIK Arena. 4.-9. august arrangerer KRIK sommarleir for deg som er 16 år eller eldre. Staden er Dvergsnestangen i Kristiansand, og her blir det sjølvsagt idrett og bibel som er i fokus.

  • UL. 28. juli til 1. august er det UL i Kongeparken. Dette er NLM og ImF sin sommarfestival for ungdom og er for alle frå 15 år og oppover. Ein heil del øyingar skal nedover med Kairos, så her blir det garantert kjentfolk om du tek turen!

  • GF. Både Misjonssambandet og Indremisjonsforbundet arrangerer generalforsamling i slutten av juli, nokon skal kanskje dit med foreldra sine? Både i Bergen (NLM) og Molde (ImF) er det eige opplegg for ungdommar, så ikkje fortvil om du skal på GF-ferie i 2009.

  • ukveld. Og kva skjer så på Godøya i sommar? Det er faktisk opp til deg! Vi har ikkje planlagt noko i sommar, men bedehuset er ledig stort sett kvar laurdag. Så ta kontakt med Nils-Ove om du og vennane dine har lyst å arrangere ungdomskveld :)

     

    Og så må du ikkje gløyme å ta med Jesus i kvardagen din, enten du er ute på tur eller heime. «For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei.» (Matt 18:20).

     

    GOD SOMMAR!

     

    - - - - - -


    22/06 2009
    Change of plans...

    Laurdag blir det filmkveld!

     

    Forhåpentligvis har ikkje altfor mange brukt veldig mykje tid på å finne karnevalskostyme, for på planleggingsmøtet måndag kveld vart det bestemt at vi droppar karneval for no og heller satsar på filmkveld. Så får vi sjå om det heller vert karneval i haust ein gong...

     

    Uansett, laurdag klokka 21 snur vi sofaane i bedehuskjellaren, poppar popcorn og set oss godt til rette. Så blir det film på storskjerm, snacks, kiosk, bordtennis, biljard, spel og ei info-andakt der du får vite litt om kva som skjer på festivalfronten i 2009!

     

    Filmen vi skal sjå heiter forresten "Fireproof", ein actionfylt dramafilm om ein brannmann som opplever at ekteskapet er i ferd med å gå opp i røyk. Traileren finn du her:

     




    - - - - - - -

    09/06 2009
    Ukveld på laurdag!

    Og karneval om to veker...

     

    Laurdag klokka 21 er det ungdomskveld igjen. Andakt, lovsang, kiosk, delestund, bordtennis og kanskje noko å bite i? Ta med deg alle vennane dine og kom! :)

     

    To veker seinare, 27. juni, er det karneval! Då er det endeleg sommarferie for både ungdomsskule, vidaregåande og til og med nokre av dei som jobbar. Du er advart allereie no, så har du lang tid til å finne eit passande sommarferiekarnevalkostyme!

     

    PS! Ikkje KRIK på laurdag, grunna fotballskule på Godøy stadion...

     

    - - - - - - -


    26/05 2009
    Klar for grillings?


    Dette skjer laurdag 30. mai 2009:

     

    14.00

    KRIK i Godøyhallen

    Ta med 20 kroner og godt humør!

     

    21.00

    UKVELD sø i marka (Alnes)

    Vi fyrer opp bål og grill klokka 21.

    Ta med grillmat, drikke og alle vennane dine!

     

    - - - - - - -


    18/05 2009
    Møte, KRIK og fest


    Dette skjer i veke 21

     

    Torsdag (Kristi Himmelfartsdag) klokka 19.30 er det møte på Godøy bedehus med Ole Lilleheim frå Åpne Dører. Møt opp og høyr Ole fortelje om det spennande og viktige arbeidet med å smugle biblar og støtte forfølgde kristne.

     

    Fredag er det kjellertreff på Valderøya, laurdag klokka 21 er det ungdomskveld på Sagabu.

     

    Laurdag er det også KRIK i Godøyhallen igjen. Klokka 14 bør du du møte opp med 20 kroner, innesko og godt humør!

     

    Og søndag klokka 17 er det stor fest på bedehuset, til ære for familien Anne og Erik Furnes, som skal flytte til hausten. På programmet: Godøy Ungdomskor, Godøy Barnekor, Elkana, Godøy og Alnes Musikklag, god mat og mykje meir.

     

    Ha ei flott veke :)

     

    - - - - - - -


    18/05 2009
    Ultimat siger i bilrebusen


    Grattis til Jan Oskar og gutta!

     

    Det vart den heilraude Audien "Ultimaten" som gjekk til topps i bilrebusen 2009. Dermed får sjåfør og lagkaptein Jan Oskar Alnes passe på den fantastiske vandrebilen det neste året.

     

    Dei fire andre på vinnarlaget var Kjetil Leif Nyvoll, Ruben Elias Austnes, Severin Dyb Alnes og Tore Hole Oksnes.

     

    På ein god andreplass kom Halvard Roaldsnes (Mathias Remmen, Andreas Furnes, Matias Furnes, Jonathan Mulelid), tredjeplassen gjekk til Bjørn Tennø (Kai Henrik Brynestad, Lisa Brynestad, Kaisa Sandanger og Aleksandra Godø Urke).

     

    Tusen takk til alle som deltok (18 lag i alt), alle er hjarteleg velkomne tilbake også neste år. Spesielt dei to bilane frå Ulsteinvik, bilrebusen er i ferd med å verte internasjonal!

     

    Og så må vi ikkje gløyme alle dei fantastiske foreldra som stilte opp som pølsekokarar, trafikkpoliti og rebusutdelarar. We love you all!

     

    - - - - - - -


    13/05 2009
    Bilrebusen 2009


    Endelig 16. mai!

     

    Laurdag er det ungdomskveld og bilrebus. Vi startar klokka 20.30 med registrering - veldig viktig at alle som skal køyre møter opp då, slik at vi veit kven som har plass i bilane og ikkje. Og slik at vi eventuelt kan klare å skaffe ekstra bilar om det skulle trengs. Altså - registrering frå tjue tretti og utover.

     

    21.00 er det ungdomskveld med andakt og lovsong, før vi tel opp deltakarane og prøver å fordele oss i bilane. Så satsar vi på at alle køyrer fint og roleg slik at det heller ikkje i år skjer noko gale. Og så blir det pølse med brød og kiosk utover kvelden/natta.

     

    Ta med deg alle vennane dine og kom - enten du er gammal nok til å køyre, har tenkt å vere rebusguru eller springe omkring på jakt etter dei kvite lappane. Snakkes! :)

     

    PS! Håper at flest mulig med "lappen" stiller opp med bil, i fjor var det litt for mange bilar med litt vel mange over 18...

     

    - - - - - - -


    06/05 2009
    Festival på Valderøya!

    Men ikkje KRIK...

     

    På grunn av fotballkamp og fotballturnering vert det ikkje KRIK denne helga. Og det er heller ikkje ungdomskveld på Godøya. MEN det er mykje som skjer på Valderøya!

     

    Fredag kveld er det kjellertreff i bedehuskjelleren frå klokka 21.30. Og laurdag er det festival for Gunhild og Nate, som er misjonærar i Afrika.

     

    Klokka 18 er det familiemøte med mellom andre Valderøy ungdomskor og ASAF. Så er det gospelnight klokka 21, med både korsong, solistar og lovsang. Anbefalast på det varmaste, for meir informasjon sjå heimesidene til Valderøy IUF!

     

    - - - - - - -


    29/04 2009
    Natt til 1. mai-gospel


    Øyingane invaderer Blindheim!

     

    Torsdag klokka 20.00 er det natt til 1. mai-gospel på Blindheim. På plakaten i år står mellom anna Godøy ungdomskor, Valderøy ungdomskor, Kristoffer Valkvæ og lovsangsteamet frå Godøya. Og forhåpentlegvis kjem det nokre øyingar som ikkje skal stå på scena også...

     

    Godøy ungdomskor har felles avreise frå Valkvæ klokka 17.30. Oppmøte 17.20, viktig at alle møter presis slik at vi er på plass på Blindheim i god tid før lydsjekk klokka 18.30!

     

    - - - - - - -


    23/04 2009
    KRIK skiftar dag

    Laurdag klokka 12!

     

    Sidan fotballsesongen har starta og det er kampar på fredag, flyttar vi KRIK til laurdag klokka 12. Prøv å stå opp, ta med deg godt humør og 20 kroner :)

     

    Laurdag klokka 21 er det ungdomskveld. Denne gongen får vi besøk av ein gjeng frå ACTA bibelskole i Stavanger!

     

    Ha ei flott helg :)

     

    - - - - - - -


    14/04 2009
    Ikkje KRIK, men konkurranse og konsert


    Giske bedehus og Mjølner!

     

    Fredag klokka 22.30 er det ikkje KRIK i Godøyhallen.

     

    Laurdag er det fleire ting som skjer. Først er det finale i Salomo-konkurransen, der mellom anna eit lag frå Godøy In*Puls er med. Møt opp på Giske klokka 17.30 for å sjå Godøy-jentene konkurrere om sin fjerde Salomo-siger på rad!

     

    Klokka 20.00 er det konsert på Vigra. Paul Grønseth, mannen bak songen "Ære" og kjend frå Ungfila, kjem til Mjølner samfunnshus. Billettar får du kjøpt på Billettservice, alle landets postkontor (ikkje post i butikk) og alle Narvesen og 7-Eleven. Eller i døra på Mjølner, om det ikkje allereie er fullt.

     

    PS! Ferske ukveld-bilde frå påska. Kvar? På bildesida vår, så klart!

     

    - - - - - - -


    06/04 2009
    God påske!


    Påskemøte, KRIK og ukveld.

     

    Påska 2009 arrangerer Godøy Indremisjon påskemøte med Kjell Furnes på Godøy og Alnes bedehus.

     

    Skjærtorsdag: Nattverdsmøte på Godøy 19.30.

    Langfredag: Møte på Alnes 19.30.

    1. påskedag: Gudstjeneste 11.00, møte på Godøy 19.30.

     

    I tillegg er det KRIK både tysdag og fredag klokka 13.00 og ungdomskveld laurdag klokka 21.00!

     

    Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom. (Jesaja 53:5)

     

    - - - - - - -


    24/03 2009
    SUM-konsert og Giske-møte



    Ikkje ungdomskveld på ei stund, men mykje anna som skjer!

     

    Det vert ikkje ungdomskveld igjen på Godøya før i påska, laurdag 11. april. Men førstkomande søndag er det konsert med SUM (Seriøse Unge Menn) på Godøy-bedehuset. Gratis inngang og greier. Kan det bli betre?

     

    Spre ryktet og få med deg alle du kjenner på ein flott konsert med fire stramme karar frå Lyngdal!

     

    Neste veke anbefaler vi alle å ta turen til Giske. Frå 31. mars er det nemleg møteveke med ein hyggeleg kar som heiter Tor Ingvald Lauvrak. Tysdag er det møte-In*Puls, med andre ord stikk heile In*Puls-gjengen på Giske og inviterer med seg alle andre også.

     

    I løpet av veka skal også ungdomskoret, med Håvard, Erlend og Audun i spissen, på Giske for å synge. Det blir bra!

     

    Og så er det sjølvsagt KRIK på fredag. 22.30 i Godøyhallen, husk 20 kroner og godt humør :)

     

    - - - - - - -


    18/03 2009
    Basar og KRIK

    Hurra for fredag!

     

    Torsdag denne veka er det møte 19.30 på Godøy-bedehuset. Arrangørar er Normisjon-foreininga på Godøya, som også inviterer til basar fredag 18.00. Dei reklamerer med gratis mat og flotte gevinstar!

     

    Fredag kveld er det også KRIK 22.30 i Godøyhallen. Ha ei god helg :)

     

    - - - - - - -


    16/03 2009
    Ukveld-bilde på nett!


    Altfor lenge sidan sist...

     

    For første gong i 2009 er det bilde frå ein ungdomskveld på ukveld.net. På bildesida finn du mange flotte blinkskudd frå laurdag.

     

    Vi starta med møtedel oppe, der Ingbjørn Vingen heldt andakt om nåde. Så var det is, kiosk og ein leik, før det vart nattkino i sofasalen nede.

     

    Ligg det bilde ute som du vil ha fjerna? Ta kontakt med Nils-Ove! Om vi ikkje høyrer noko, reknar vi med at det er greitt :)

     

     

     

    - - - - - - -


    10/03 2009
    Bibelhelg, KRIK og ukveld

    Det skjer i helga!

     

    Fredag til søndag arrangerer Godøy Indremisjon bibelhelg med Ingbjørn Vingen. Fredag er det bibeltimar 19.00 og 20.30, laurdag bibeltime 19.30 og søndag møte 19.30.

     

    I tillegg vert det ungdomskveld laurdag 21.00 og KRIK i Godøyhallen fredag 22.30.

     

    - - - - - - -


    04/03 2009
    Ungdomsveke på Valderøya

    Og KRIK, så klart!

     

    5.-8. mars er det ungdomsveke på Valderøya, med Kjetil Fyllingen som talar. Møte torsdag 1930, fredag 2100, laurdag 2100 og søndag 1930. Laurdag skal Godøy Ungdomskor synge, be there!

     

    I tillegg er det KRIK i Godøyhallen fredag kveld. Ta med 20 kroner og godt humør :)

     

    - - - - - -


    25/02 2009
    Full fart i ferien


    Dette skjer i veke 9:

     

    - onsdag kveld er det samling for nokre av bibelgruppene våre. Eit par grupper har vinterferie, dei andre får melding med leiarane om stad og klokkeslett.

     

    - fredag 22.30 er det KRIK i Godøyhallen. Kom deg opp av godstolen, ta med innesko og 20 kroner og bli med på moroa!

     

    - laurdag er det ukveld. Møt opp presis klokka 21.00 og få med deg ei solid dose lovsang, andakt, underhaldning og kanskje også noko å bite i? Og no er endeleg biljarden i orden igjen, med både ny kvitekule, nye køer og full pakke!

     

    - søndag er det storsamling 17.00. Der skal Godøy Ungdomskor synge, så då treng du vel ikkje fleire gode grunnar for å møte opp?

    Denne søndagen vert det til og med varm mat i bedehuskjellaren etter storsamlinga, for berre 20 kroner per person :)

     

    NB! Det er også møteveke på Alnes med Den Indre Sjømannsmisjon. Møte kvar dag klokka 19.30, onsdag til laurdag!

     

    - - - - - - -


    19/02 2009
    Bjorli 2009

    Ikkje KRIK denne helga.

     

    Fredag 20. februar er det ikkje KRIK i Godøyhallen. Denne helga er nemleg ungdomskoret på sin årlege skiweekend på Bjorli. Bilde frå turen kjem forhåpentlegvis etter kvart!

     

    Neste helg er det både KRIK fredag 27. februar og ungdomskveld laurdag 28. februar.

     

    - - - - - - -


    09/02 2009
    Innhaldsfylt veke i vente

    Bibelgrupper, KRIK og Alnes-møte.

     

    Først av alt - tusen takk til alle saman for ei flott IUF-møteveke! Saman med Tor Ingvald, Anders, Øyvind og Siri fekk vi seks flotte kveldar med utfordrande forkynning og frimodige vitnesbyrd.

     

    Også denne veka er det mykje som skjer:

     

    - onsdag inviterer vi til "Vidare med Jesus"-samling. Frå 19.30 til ca 20.00 samlast vi i bedehuskjellaren til litt informasjon og planlegging, før vi deler oss inn i grupper og kvelden held fram i heimane. "Vidare med Jesus" er bibelgruppeopplegget til IUF, noko vi anbefaler absolutt alle å vere med på! Ta med ein venn eller ti på onsdag og prøv :)

     

    - torsdag, fredag og søndag er det møte 19.30 på Alnes. Erik og Anne Furnes skal tale, fredag vert det song ved Godøy Ungdomskor! Oppmøtetidspunkt for koret kjem på SMS i løpet av veka.

     

    - fredag 22.30 vert det som vanleg KRIK i Godøyhallen.

     

    - og som om det ikkje var nok, er det i tillegg Frontline i Misjonssalen fredag og laurdag, med møte og seminar klokka 20 og 22.

     

    Ha ei flott veke! :)

     

    - - - - - - -

     

     





    20/01 2009
    KRIK, ukveld og Bildøy-møte

    Mykje som skjer i helga!

     

    Fredag 22.30 er det KRIK i Godøyhallen. Ta med shorts/joggebukse, innesko, 20 blanke kroner, godt humør og ein venn eller sju.

     

    Laurdag 21.00 er det ungdomskveld, denne gongen er det gruppe 1 (Ørjan/Aleksander) som har ansvaret for det praktiske. Andaktshaldar er Oddveig Karin Holmen.

     

    Søndag (klokkeslett kjem seinare) kjem ei turné-gruppe frå Bildøy Bibelskole på besøk til Godøya og skal ha møte på bedehuset.

     

    Om berre to veker er det IUF-møteveke, denne helga kan du "varme opp" og få opp møtekondisen!

     

    - - - - - - -


    13/01 2009
    Russen kjem!


    Møte og ungdomstreff laurdag kveld.

     

    Laurdag 17. januar er det møte med Vestborg-russen klokka 19.30 på bedehuset. Der skal Godøy Ungdomskor synge for første gong i år, så det bør alle som ikkje er på leir få med seg!

     

    Etter møtet er det ungdomstreff i kjellaren. Gruppe 3 har ansvaret for mat, det går rykte om pizza...

     

    God helg! :)

     

     

     

    - - - - - - -


    01/01 2009
    Januar 2009


    Tusen takk til alle som hjelpte til på IUF-festen og nyttårsfeiringa, enten med andakt, song, underhaldning, rydding eller rett og slett oppmøte og godt humør.

     

    Eit nytt år står for tur, og vi kan tilby mykje allereie den første månaden:

     

    - tysdag 6. januar startar In*Puls opp igjen.

     

    - fredag 9. januar blir den første av mange, mange fredagar der vi samlast til KRIK i Godøyhallen frå 22.30 og utover. Husk 20 blanke kroner!

     

    - laurdag 10. januar fyrer vi opp årets første ungdomskveld, med gruppe 2 (Kamilla og Jan Martin m.fl.) i kommandoen.

     

    - for dei som er over 16 år, bør "Treff et tre" på Orreneset stå på kalenderen 16.-18. januar. Dette blir ei helg full av Jesus, ski og lovsang. Les meir på Ung Misjon si heimeside.

     

    - etter kvart vert det også meir "Vidare med Jesus"-bibelgrupper, følg med på ukveld.net for oppdatert informasjon.

     

    - og så kan vi allereie no nemne IUF-møteveka, som i år er planlagt 3.-8. februar.

     

    Ha eit flott år! :)

     

    - - - - - - -


    20/12 2008
    GOD JUL!



    Ikkje gløym juleprogrammet til IUF og koret...

     

    Søndag 21. desember 16.00 er det julekonsert på Godøy bedehus, der mellom andre ungdomskoret skal synge. Alle songarar må møte seinast 15.15, så koret rekk å øve før konserten startar.

     

    Søndag 28. desember 20.00 inviterer vi nok ein gong til årets mest storslåtte, elegante og underhaldande ungdomskveld. På IUF-festen bør du ta på deg det aller finaste du har og ta med pengar til mat/drikke (50,-) og IUF-medlemskap (50,-). Så skal du for eksempel få song frå nye og gamle koristar, juletregang med ordet fritt mellom sangane og kanskje til og med ein musikal!

     

    Nyttårsafta startar vi med midnattsmesse/møte/bønnestund 23.00, ruslar ut for å klemme oss inn i det nye året og tuslar oss inn igjen på bedehuset for å kose oss utover natta.

     

    Så kan vi også nemne heimekomekveld på Valderøya 29. desember. For meir informasjon, sjå iufweb.net.

     

    Ja, og så ligg sjølvsagt bilda frå juleverkstad med graut ute. Illustrert her på framsida med to kjekke giskingar. Bilda finn du på bildesida.

     

     

     

     

     

     

    - - - - - - -


    09/12 2008
    Snart helg!


    KRIK, juleverkstad og lysmesse.

     

    Fredag: KRIK i Godøyhallen 22.30. Ta med innesko, godt humør og 20 kroner.

     

    Laurdag: Ungdomskveld med juleverkstad og graut. Kay Amund er heime på juleferie og held andakt, ta med deg alle vennane dine og kom!

     

    Søndag: Godøy Ungdomskor syng ferske julesongar under lysmessa på bedehuset 19.00. Oppmøte 18.15 for koret.

     

    :)

     

    - - - - - - -


    04/12 2008
    Juleavslutning


    Ferske bilde, og fredag er det KRIK!

     

    Tysdag kveld var In*Puls og Godøy Ungdomskor samla til felles juleavslutning. Ein god gjeng møtte opp i bedehuskjelleren, der det vart servert lasagne og salat først. Så heldt Erik Furnes andakt før jentene og gutane konkurrerte i erter-og-sugerør-stafett.

     

    Tusen takk til alle for ein flott kveld, ikkje minst dei to superbe programleiarane Malin og Natalie!

     

    Dagfinn hadde forresten med seg kamera, bilda finn du sjølvsagt på bildesida.

     

    Fredag skal Godøy-skulen ha juleball, men vi satsar likevel på at vi vert nok folk og inviterer til KRIK i Godøyhallen frå 22.30 og utover.

     

    PS! Godt tips til helga: Laurdag kveld er det konsert i Pinsekirka på Moa med Mosaic og Samuel Ljungblahd. Meir informasjon om billettar finn du på Mosaic si heimeside.

     

    - - - - - - -


    25/11 2008
    Ikkje KRIK på fredag...


    ...men mykje anna som skjer framover!

     

    Då er Godøyhallen bestilt, og det vert KRIK kvar fredag nesten heile vinteren. Unntatt førstkomande helg, då er det adventsmesse på hallen og idrettslaget må lage til. Og siste helga før jul er det førjulsturnering, men både 5. og 12. desember kan du ta turen opp i hallen frå 22.30 og utover!

     

    Elles er det årsmøtehelg for Godøy Indremisjon den komande helga. Fredag er det årsmøte 19.30, der også alle IUF-arar er hjarteleg velkomne. Laurdag er det ungdomskveld med Ørjan og Aleks i spissen, søndag formiddagsmøte 11.00 og storsamling 17.00.

     

    Neste veke er det desember, og det betyr mykje artig. In*Puls og ungdomskoret skal ha avslutning og etter kvart vert det både juleverkstad, IUF-fest og nyttårsfeiring.

     

    Lykke til med adventstida!

     

    PS! Og så er det sjølvsagt korøving kvar måndag klokka 20-22, vi har plass til mange fleire :)

     

    - - - - - - -


    13/11 2008
    KRIK og ukveld

    Superhelg!

     

    Fredag kveld klokka 22.30 er det natt-KRIK i Godøyhallen. Stikkord: 20 kroner, innesko, godt humør. Tjohei! :)

     

    Og laurdag klokka 21 er det nok ein gong ungdomskveld. Kjetil Fyllingen skal ha andakt, vi skal synge saman og så vert det etter kvart heimelaga pizza. I tillegg skal sjølvaste Dorthea og Anna ha underhaldning!

     

    Få med deg ein venn eller sytten og kom på KRIK og ukveld!

     

    PS! Det er også ungdomsveke på Valderøya, med møte kvar dag. Meir info på Valderøy IUF sine heimesider :)

     

    - - - - - - -


    04/11 2008
    Møteveke og lovsangskveld


    Møteveke på Alnes og lovsangskveld på kulturhuset!

     

    Først av alt: Veldig bra oppmøte frå ungdommane under møteveka med Tor Ingvald & Co, håper alle (og endå fleire) vil vere med på ukveld og KRIK framover. Natt-KRIK vart ein umiddelbar suksess, kanskje bør vi satse på å ha det fast framover?

     

    Denne veka er det møteveke på Alnes. Onsdag, torsdag og fredag er det møte klokka 19.30, søndag er det storsamling klokka 17.00. Laurdag hadde vi eigentleg tenkt å ha ungdomskveld, men i staden oppfordrar vi alle til å bli med til Parken Kulturhus og "Ålesund Unites 2008".

     

    "Det er vårt mål å presentere Jesus på en måte som du aldri har opplevd før. Samtidig at du som kjenner Jesus kan komme og bli velsignet gjennom en fantastisk kveld sammen med mange andre", skriv Agapekirka på si heimeside.

     

    Lyst å vere med på ein diger lovsangskveld i kulturhuset, saman med fleire hundre ungdommar? Få med deg vennane dine og sleng deg med! Om du ikkje har skyss, ta kontakt med Nils-Ove (98047082) innan fredag klokka 23, så garanterer vi å skaffe bilplass til alle som vil! :)

     

    - - - - - - -


    21/10 2008
    Ungdomskveld +++

    Mykje som skjer framover!

     

    Laurdag klokka 21.00 er det nok ein gong ungdomskveld. Ta med alle vennane dine og godt humør, så snakkast vi der :)

     

    Tysdag startar møteveka som IUF og indremisjonen skal arrangere saman, med Tor Ingvald & co. På opningsmøtet skal til og med ungdomskoret synge for første gong denne hausten! Meir informasjon kjem ganske snart, men allereie no kan du starte forarbeidet og be for møteveka.

     

    Laurdag 8. november skal vi ha ungdomskveld på Alnes. Følg med på ukveld.net for meir detaljar om ein spennande IUF-haust :)

     

    - - - - - - -


    06/10 2008
    Pit Stop


    Blindheim bedehus, 17.-19. oktober.

     

    I midten av oktober er det Pit-Stop på Blindheim bedehus! Pit-Stop er ei helg for ungdommar og ungdomsleiarar, med mykje lovsong, undervisning og sosialt opplegg!

     

    Besøk denne sida for meir informasjon og påmelding.

     

    Vi kjem tilbake med meir informasjon seinare om transport innover. Alle skal få skyss på ein eller annan måte, ikkje ver redde for det!

     

     

     

     

    - - - - - - -


    01/10 2008
    It's ukveld!


    Hungry for more?

     

    Laurdag er det ungdomskveld igjen, og denne gongen får vi besøk av den verdskjende predikanten Stine Mari Brynestad!

     

    Vi startar med bønnemøte 20.30, så fyrer vi i gang sjølve ungdomskvelden klokka 21.00. Der vert det andakt, mykje song og ordet fritt.

     

    Gruppe 2 har ansvaret for kvelden, rykta vil ha det til at det blir snacks og greier :)

     

    Bildet du ser til høgre er forresten frå sist ungdomskveld, fleire bilde derifrå finn du på bildesida. Ørjan og Øyvind var snille og laga kake til bursdagsbarnet Sven Harald, kanskje eit tips til andre også når det er folk som har bursdag på ein laurdag?

     

    - - - - - - -


    22/09 2008
    Klar for bibelgruppe?

    Vi startar på onsdag!

     

    I vår hadde vi "Vidare med Jesus", som var bibelundervisning på bedehuset og smågrupper i heimane. Dette har vi fått veldig god tilbakemelding på, så derfor skal vi ha smågrupper også i haust - annankvar onsdag.

     

    Onsdag 24. september startar vi på bedehuset med litt informasjon 19.30, så deler vi oss opp ganske kjapt. Etter kvart satsar vi på å møte rett i gruppene, meir info om dette får du altså på bedehuset onsdag. Klokka 19.30.

     

    Så spre ryktet, få med deg alle som var med i vår og gjerne endå fleire! :)

     

    - - - - - - -


    14/09 2008
    Ukveld-bilde


    Og ukveld igjen på laurdag!

     

    Då ligg det ute bilde frå ungdomskvelden 6. september på bildesida. Betre seint enn aldri...

     

    Og laurdag er det altså ungdomskveld igjen, no er det gruppe 1 som har ansvaret. Aleksander og Ørjan er gruppeleiarar, i tillegg har dei med ein flott gjeng som vi reknar med fiksar ein flott ukveld!

     

    Lurer du på kva gruppe du er på? Klikk på Ungdomskveld i menyen til venstre, så står alle gruppene der. Er du ikkje på lista, men vil hjelpe til? Ta kontakt med Nils-Ove eller nokre av dei andre i styret, så skal vi finne ei gruppe til deg også :)

     

    - - - - - - -


    14/09 2008
    Møteveke

    Tysdag til laurdag.

     

    Finnmarksforeninga har møteveke på Godøya denne veka. Talarar er Jorunn og Olav Eikemo, og det vert møte tysdag, onsdag og torsdag klokka 19.30.

     

    Fredag kveld er det basar, laurdag inspirasjonssamling med Aud Karin Kjølvik på dagtid og ungdomskveld klokka 21.

     

    Ha ei flott veke! :)

     

    - - - - - - -


    11/09 2008
    Koret startar opp!


    Måndag klokka 20!

     

    Då er sommarferien offisielt over, måndag frå klokka åtte og utover kvelden vert det haustens første ungdomskorøving på Godøya!

     

    Gamle og nye kormedlemmer frå åttande klasse og oppover er hjarteleg velkomne.

     

    Ta med deg ein venn eller tolv og kom :)

     

     

     

     

    - - - - - - -


    03/09 2008
    Kick Off-ukveld


    Landskamp, nachos og «Norske Talenter»!

     

    Laurdag er det ungdomskveld igjen, denne gongen er det IUF-styret som har ansvaret. Med andre ord formann Nils-Ove, nestformann Jan Oskar, kasserar Sven Harald og dei fem andre kjekke ungdommane som skal leie IUF det komande året.

     

    Etter kvart satsar vi på at tre forskjellige grupper byttar på å ha ansvaret, så det er berre å starte planlegginga av kreative matrettar og underhaldning!

     

    Vi startar med Norge-Island på storskjerm klokka 19.00. Så blir det bønnemøte i kjelleraren klokka 21.00, før sjølve ukvelden startar 21.15. Oddveig Karin Holmen frå Ung Misjon er kveldens talar, i tillegg vert det kanskje eit par nye songar frå lovsangsteamet?

     

    Utover kvelden vert det både «Nacho Surprise» og «Norske Talenter». Kva er det? Møt opp og du får finne ut! :)

     

    - - - - - - -

     


    25/08 2008
    Godkjent årsmøte


    47 flotte bilde frå laurdag - berre på ukveld.net!

     

    Andaktshaldar, indremisjonsformann og valobservatør Karl Arne var laurdag vitne til at nok eit årsmøte i Godøy og Alnes IUF gjekk korrekt føre seg. Nils-Ove las opp årsmelding, Sven Harald presenterte rekneskapet og nytt styre er på plass.

     

    I tillegg kom det fleire nyttige innspel til kva vi skal finne på framover, spesielt smågrupper og KRIK var det mange som insisterte på at vi må ha utover hausten.

     

    Frå det gamle styret stilte Stine Mari Brynestad, Bård Erik Nyvoll og Solveig Stenerud ikkje til gjenval, vi takkar dei for innsatsen så langt! Nils-Ove Støbakk, Sven Harald Nyvoll og Aleksander Alnes vart innvalde i fjor og sit dermed til neste haust.

     

    Med seg i IUF-styret får dei Jan Oskar Alnes, Kamilla Furnes, Emilie Knardal, Ørjan Dyb (1. vara) og Jan Martin Godø (2. vara). Styret har ikkje konstituert seg enno, dette vil bli gjort på første styremøte.

     

    Elles var det kjekt å sjå så mange nye fjes på laurdag. Vi håper at folk vil kome tilbake fleire gonger og gler oss til gruppene kjem i gang igjen! Styret skal trekke i trådane, men forhåpentlegvis vil så mange som muleg vere med på å gjere ungdomskveldane både kjekke og givande :)

     

     

    PS! Bilda finn du på bildegalleri-sida.

     

    - - - - - - -


    20/08 2008
    Ungdomskveld/årsmøte


    Nytt skuleår, nytt IUF-år!

     

    Nok ein gong vil vi invitere til ungdomskveld på Godøy bedehus. Laurdag 23. august er Karl Arne Austnes talar, i tillegg blir det song, diverse info, is, kiosk og årsmøte.

     

    Vi startar oppe med møte, så flyttar vi oss ned etter kvart for snacks og sjølve årsmøtedelen, før det vert spel og andre sosiale aktivitetar utover natta.

     

    Og til dei som måtte lure og frykte - alle som er aktuelle for styreverv vil bli spurt FØR årsmøtet, så det er heilt trygt å møte opp! Vi skal ikkje halde på lenge, men må få på plass nytt styre og kanskje diskutere litt kva vi skal finne på det komande året?

     

    Sjåast på laurdag! :)

     

    - - - - - - -


    07/08 2008
    Lovsangs- og delekveld

    Laurdag klokka 21!

     

    Mykje allsang

    Frie vitnesbyrd

    Is og brownies

    Bordtennis

    Kiosk

    +++

     

    - - - - - - -


    23/07 2008
    Ukveld på fredag


    Klokka ni!

     

    Førstkomande fredag, 25. juli 2008, er det igjen ungdomskveld på Godøya.

     

    Per-Oddvin Stornes skal fortelje om turen sin til USA i vår, i tillegg vert det lovsang, ordet fritt, kiosk, bordtennis og eventuelt andre kjekke ting som du måtte ha lyst å finne på :)

     

    Bilde frå lovsangsfestivalen ligg no ute, dei finn du sjølvsagt i bildegalleriet.

     

     

     

    - - - - - - -


    08/07 2008
    Ungdomskveld med noko attåt



    - - - - - - -


    02/07 2008
    Ungkar-Simon til topps


    Ferske bilde frå ukveld og "Kamp i koret"!

     

    Fredag 27. juni var det ungdomskveld og koravslutning på Godøy bedehus. Om lag 60 ungdommar fann vegen til bedehuset og fekk vere med på ein flott kveld.

     

    Vi starta med ungdomskveld oppe, der Odd Christian heldt andakt. Så gjekk vi ned i kjellaren der snille korforeldre diska opp med pizza og salat. Tusen takk!

     

    Så vart kvelden avslutta med "Kamp i koret" oppe. Fire forskjellige grupper hadde laga film som vi fekk kose oss med, solid innsats frå alle gruppene! Takk også til juryen som i år bestod av Kasper, Kikkan, Sigrid og Iris.

     

    Årets vinnarlag vart Simon & Co, med sin versjon av "Ungkaren". I tillegg hadde vi trekning av korlotteriet, Kathrine vart den heldige vinnaren av ei kolonialkasse frå Midtbø Handel!

     

    Dagfinn var fotograf for kvelden, bilda finn du her.

     

    - - - - - - -


    21/06 2008
    Ungdomskveld og "Kamp i koret"


    Fredag klokka åtte!

     

    I år slår vi saman koravslutninga og ungdomskveld, dermed vert det superkveld på bedehuset fredag 27. juni frå klokka 20 og utover.

     

    Til "Kamp i koret" har ungdomskoret blitt delt opp i forskjellige grupper og laga filmar, som vi vil vise til alle som tar turen på fredag. I tillegg vert det lovsong, andakt og kanskje litt til. Ha ei flott veke, så sjåast vi på fredag! :)

     

    NB! Søndag 29. juni skal det vere presteordinasjon på Godøya, der skal ungdomskoret synge. Klokkeslett kjem seinare!

    Les intervju med Øyvind Remmen i kyrkjebladet

     

    - - - - - - -


    12/06 2008
    Ukveld på gang

    Godøy bedehus, laurdag klokka 21!

     

    Lovsong

    Ordet fritt

    Bordtennis

    Kiosk

    +++

     

    Spread the word! :)

     

    - - - - - -


    06/06 2008
    Beachparty i Sandvika!

    Viktig melding, spre ryktet!

     

    Laurdag kveld frå 21.00 og utover vert det beachparty i Sandvika. Ei uformell samling med beachvolley, grilling og kanskje ei andakt. Ta med grillmat og godt humør! :)

     

    - - - - - - -


    02/06 2008
    Sommaren er her!

    Men IUF tek ikkje ferie...

     

    Første ungdomskvelden på Godøya i juni vert laurdag 14. Dermed blir det ikkje noko som skjer komande helg, men vi vil minne om Sagabu på Vigra!

     

    I den koslege hytta på Blindheimsfjellet er det ungdomskveld kvar laurdag gjennom heile sommaren. Kiosk og bordtennis frå klokka 21, ungdomskveld klokka 22 og open kiosk utover kvelden.

     

    Så satsar vi på ungdomskveld sånn cirka annakvar laurdag i sommar. Og om veret skulle bli bra, bør vi vel nesten ta oss ein tur i utmarka eller på fjellet? Kom gjerne med gode innspel :)

     

    - - - - - - -


    18/05 2008
    Møtehelg


    Tor Ingvald kjem på besøk!

     

    Komande helg, altså 23.-25. mai, vert det møtehelg på Godøy-bedehuset. Tor Ingvald Lauvrak kjem endeleg på besøk igjen, etter å ha vore vekke frå Godøya i over tre veker!

     

    Fredag 21.00, laurdag 21.00, søndag 19.30. Spre ryktet og ta deg ein tur eller tre :)

     

    NB! Det vert ikkje "Vidare med Jesus" (smågrupper) onsdag 21. mai.

     

    - - - - - - -


    18/05 2008
    Russen kuppa rebusen


    Grattis, Lisa!

     

    Om lag 140 deltakarar fordelt på 28 bilar var 16. mai med i den tradisjonsrike bilrebusen. I år gjekk reiseruta innom ekotiske stader som bommen på Vindsneset, Skjongholmen og Ålesund-skiltet på Giske!

     

    Årets vinnar vart ingen ringare enn Lisa Nyvoll, som dermed får oppbevare den fantastiske "vandrebilen" det komande året.

     

    Lisa og medruss Sven Harald Nyvoll fylte opp bilen med smarte (og heldige?) kvinner som knuste all motstand og henviste Kjetil Nyvoll til sin andre andreplass på to år. Tredjeplassen vart delt mellom Jan Oskar Alnes og Karoline Valkvæ.

     

    Rebusane var tydelegvis litt vanskelegare i år enn i fjor. Berre fire lag klarte absolutt alt, resten måtte ha hjelp frå naudtelefonen. Men det var flott innsats frå alle som deltok og (nesten) forsvarleg køyring frå dei aller fleste. Takk for i år og velkomen tilbake til IUF-bilrebusen 2009! Og ekstra takk til alle som stilte opp som rebusutdelarar og fartskontrollørar :)

     

    Klikk her for fullstendig resultatliste

     

    - - - - - - -


    Endeleg 16. mai!


    Fredag 16. mai er det nok ein gong bilrebus på Godøya!

     

    Ta med godt humør, kanskje litt snop for å få igang tankeprosessen og gjerne ein bil om du har!

     

  • Bil-registrering: 20.30

     

  • Ungdomskveld: 21.00

     

  • Rebusstart: Snøggast råd

     

  • Pølse og kiosk: Utover natta

     

    NB! Greitt om alle sjåførar kjem så fort dei kan etter Valder-Godøy, slik at vi kan få kontroll over kor mange bilar vi har tilgjengeleg...så satsar vi på at alle skal finne seg eit lag etter kvart :)

     

    - - - - - - -


    28/04 2008
    Og så reiste dei...

    Søndag 27. april vart det siste møtet i IUF-møteaksjonen 2008 avslutta med kaker, saft og kaffi. Og denne gongen kjem gutta boys ikkje tilbake om nokre dagar...

     

    Dei siste månadane har vore heilt utrulege, og forhåpentlegvis har både talarar og øyingar fått eit minne for livet. Tusen takk for no, karar. Og ikkje minst takk til Jesus, som sende denne herlege gjengen til oss! :)

     

    Men det er ikkje heilt fritt for aktivitetar den komande veka heller:

     

  • MÅNDAG: korøving 21.00, vi startar ein time seinare enn vanleg for å få med alle som skal på CLS og sjå Godøy mose AaFK2!

     

  • TYSDAG: misjonsmøte med Ole Os 19.30 :)

     

  • ONSDAG: natt til 1. mai-gospel på Blindheim bedehus. Lovsongsteamet skal vere der, Godøy Ungdomskor skal vere der og sjølvsagt skal du også vere på Blindheim! Gospelnighten startar 20.00, koret skal møte seinast 18.30. Vi satsar på at alle klarer å ordne skyss sjølv, kontakt Dagfinn (92663833) eller Nils-Ove (98047082) om det skulle vere noko.

     

  • TORSDAG: samtalegudsteneste 19.00. Konfirmantane skal vise kva dei kan, i tillegg skal ungdomskoret synge. Oppmøte 18.30 for koret!

     

  • LAURDAG: ungdomskveld 21.00. Bønnemøte i kjellaren 20.30!

     

    Ha ei flott veke, så kjem vi endå sterkare tilbake med smågrupper og "Vidare med Jesus" onsdag 7. mai :)

     

    - - - - - - -


    22/04 2008
    Møteveke og smågrupper

    Vidare med Jesus :)

     

    Onsdag 19.30 blir det "Vidare med Jesus" (bibelundervisning og smågrupper). Etter kvart satsar vi på å få igang faste smågrupper i heimane, skriv deg på lista og bli med!

     

    Laurdag er det møte/ukveld klokka 21.00, søndag er det møte 19.30. Og sjølvsagt bønnemøte klokka 13.00 både onsdag, laurdag og søndag - og 30 minutt før møtestart. Ha ei flott veke! :)

     

    NB! KRIK på laurdag 14-16 i Godøyhallen!

     

    - - - - - - -


    22/04 2008
    Klar for konsert?


    Godøy bedehus, tysdag 22. april klokka 19.30!

     

    Denne veka skal musikklinjekoret frå Bibelskolen i Grimstad ha to konsertar på Sunnmøre. Arnold Børud (pappaen i Børudgjengen) er lærar på musikklinja og er ansvarleg for jubileumsturneen som koret no er ute på.

     

    Frå 13.-27. april er det konsertar over heile landet, tysdag 22. april er det altså på Godøya det skjer.

     

    For meir detaljar kan vi vise til pressemeldinga frå Bibelskolen i Grimstad:

     

    BiG-koret har øvd inn et reportoar med sanger av legendariske Andrae Crouch, noe som erfaringsvis samler generasjonene i felles begeistring. I tillegg vil Arnold Børuds musikal ”Stor Oppstandelse” bli framført. Dette blir en stor kveld, til glede for både hjertet og godfoten!

     

    Konserten startar 19.30, så ver på plass i god tid.

     

    Gratis inngang / kollekt.

     

    - - - - - - -


    15/04 2008
    På'an igjen!

    Møteveke frå onsdag til søndag!

     

    Etter ei pauseveke er det møte igjen frå onsdag 16. april. Då skal Godøy Ungdomskor synge, oppmøte 18.30 for alle i koret. Møtet startar 19.30, i likheit med alle dei andre dagane - unntatt laurdag (21.00).

     

    Bønnemøte kvar dag klokka 13 + 30 minutt før møtestart. Vi snakkast! :)

     

    - - - - - - -


    08/04 2008
    Alpha-kveld og ukveld


    Lita pause i møteaksjonen.

     

    Denne veka tar vi ei pause i møteaksjonen, men onsdag 16. april satsar vi på å starte på igjen!

     

    Onsdag er det Alpha-møte 19.30, noko vi håper at så mange som muleg vil vere med på. Det vert andakt, samtale og noko å bite i. Ta med Bibel og godt humør, så skal vi prøve å legge ein plan for arbeidet utover våren.

     

    Laurdag er det først KRIK i Godøyhallen 13-15 før det blir ungdomskveld klokka 21, med bønnemøte i kjellaren 20.30.

     

    Ha ei flott veke :)

     

    PS! Vaflebildet er sjølvsagt frå ungdomskvelden på laurdag. Resten av bilda finn du her!

     

    - - - - - - -


    31/03 2008
    Talet er åtte!


    Den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri i æva tyrsta, men det vatnet eg vil gje han, vert i han til ei kjelde med vatn som vell fram til evig liv. (Joh 4:14)

     

    Onsdag startar den åttande møteveka på Godøya. Det som starta som ei "vanleg" IUF-møteveke i februar har no vorte til ein aksjon som har vart gjennom heile mars, og no vert det også møte den første veka i april!

     

    Vi har utruleg mykje å takke for og endå meir å be for. Lykke til med den komande veka, ver frimodig og få gjerne med deg folk på både bønnemøte og kveldsmøte :)

     

    Onsdag: møte 19.30

    Torsdag: møte 19.30

    Fredag: møte 19.30

    Laurdag: møte/ukveld 21.00

    Søndag: møte 19.30

     

    Bønnemøte kvar dag 13.00 + 30 minutt før kveldsmøta.

     

    Klikk her for rykande ferske bilde frå ungdomskvelden på laurdag!

     

    - - - - - - -


    26/03 2008
    Klar for møteveke?

    Vi startar opp igjen for sjuande veka på rad.

     

    Og no kjem også Edmund og Alexander "heim igjen" til Godøya etter ei velfortent påskeferie! :)

     

    Onsdag: møte 19.30

    Torsdag: møte 19.30

    Fredag: møte 19.30

    Laurdag: møte/ukveld 21.00

    Søndag: møte 19.30

     

    Bønnemøte kvar dag 13.00 + 30 minutt før kveldsmøta.

     

    Og det er ikkje frelse i nokon annan. For det finst ikkje noko anna namn under himmelen, gjeve mellom menneske, som vi kan verta frelste ved.

    (Apg 4:12)

     

    PS1! Bilde frå laurdag finn du her :)

    PS2! Bilde frå bursdags-In*Puls finn du her!

     

    - - - - - - -


    24/03 2008
    In*Puls for alle :)


    Edvard feirar dag på bedehuset!

     

    Etter ei fantastisk påskefeiring, startar vi opp igjen med ei ny møteveke onsdag kveld. Men først er det In*Puls tysdag klokka 20. Med ope hus, fri aldersgrense og bursdagsselskap for Edvard Thormodsæter.

     

    Han vert nemleg 22 år 25. mars, så då inviterer vi alle med på feiringa! Ta med godt humør og kom på utvida In*Puls :)

     

    - - - - - - -


    18/03 2008
    Og så var det påske...

    Møte tysdag til søndag!

     

    Så er 3/5 av talarteamet tilbake på øya, denne veka vert det møte alle dagar unntatt måndag! I tillegg blir Erik Furnes med som føremiddagstalar.

     

    Tysdag: møte 19.30

    Onsdag: møte 19.30

    Torsdag: gudsteneste 11.00 / møte 19.30

    Fredag: møte på Alnes 11.00 / møte 19.30

    Laurdag: ungdomskveld 21.00

    Søndag: høgtidsmøte 11.00 / møte 19.30

     

    Bønnemøte kvar dag 13.00 + 30 minutt før kveldsmøta.

     

    Alle aldersgrupper er hjarteleg velkomne!

     

    God påske! :)

     

    - - - - - - -


    12/03 2008
    Koropptak og go'songen


    Kun på ukveld.net!

     

    Godøy Ungdomskor sang på møte torsdag 6. mars, nokre av songane ligg no ute på musikk-sida vår. Kvaliteten på opptaka er litt ustabil, noko "teknikar" Nils-Ove skal ta på seg skulda for.

     

    Men innhaldet er i alle fall veldig bra - og om du vurderer å bli med i koret eller vil øve litt ekstra for deg sjølv, er det berre å laste ned og synge med!

     

    I tillegg har vi lagt ut eit opptak av "Då Jesus satte sjelen fri", som har blitt som ein slags festivalsong i løpet av den siste månaden.

     

    Skal du heim i påska? Lær deg nyemelodien på denne flotte songen, som forhåpentlegvis skal få runge på bedehuset gjennom heile påska :)

     

    - - - - - - -


    10/03 2008
    Dei kjem tilbake...


    ...men denne veka har talarteamet fri.

     

    Uansett så vert det vitne- og songmøte både onsdag og søndag. Så om du har noko å dele med oss andre eller saknar ein spesiell song eller to, må du berre vere frimodig og seie frå! Så ønskjer vi alle hjarteleg velkomne inn i fellesskapet og skal ta oss godt av kvarandre også den komande veka.

     

    Laurdag vert det ungdomskveld klokka 21. Spre ordet, ta deg ein tur og få med deg så mange som muleg!

     

    For der to eller tre er samla i mitt namn, der er eg midt imellom dei. (Matteus 18:20)

     

    PS! Kameraet gjekk fort tomt for batteri, men du finn i alle fall nokre bilde frå laurdagen i bildegalleriet :)

     

    - - - - - - -

     


    03/03 2008
    To be continued...

    Velkomen tilbake på onsdag!

     

    Store ting har skjedd og meir er i vente. Onsdag startar vi på igjen med den fjerde møteveka på rad og håper at akkurat DU tek turen. Ha det fint så lenge, så snakkast vi!

     

    Onsdag, torsdag, fredag og søndag: Bønnemøte 19.00, møte 19.30.

    Laurdag: Bønnemøte 20.30, ungdomskveld 21.00.

    I tillegg vert det bønnemøte 13.00 kvar dag.

     

    For av nåde er de frelste, ved tru. Og dette er ikkje av dykk sjølve, det er Guds gåve. (Efeserbrevet 2:8)

     

    PS! Bilda frå sist ungdomskveld finn du i bildegalleriet...

     

    - - - - - - -


    25/02 2008
    Frå veke til aksjon

    Klar for IUF-møteveke #3?

     

    Møteveka har blitt til møteaksjon!

     

    Onsdag blir det ikkje "vanleg" møte, grunna fastegudsteneste. Men vi varmar opp med bønnemøte 18.30 og blir med på gudstenesta klokka 19. Elkana skal synge og du skal ikkje sjå vekk frå at ein av talerane "våre" entrar talarstolen :)

     

    Torsdag og fredag er det møte 19.30, laurdag ungdomskveld 21.00 og søndag 19.30 igjen. Så blir det bønnemøte 13.00 kvar dag og ein halvtime før møtestart. Så spre ordet, kom på møte og ta med ein venn eller ti!

     

    PS! KRIK (fotball) i Godøyhallen laurdag 15-17. Ta med innesko og godt humør :)

     

    - - - - - - -


    18/02 2008
    Møta held fram!

    Er du klar igjen onsdag?

     

    Sjølv om vi har hatt fem herlege møte, med både frelse og fornying, følte vi det vart feil å seie stopp no. Dermed vert det IUF-møteveke også den komande veka!

     

    Onsdag startar vi opp igjen og håper at akkurat DU vil ta turen innom bedehuset. Ver frimodig, inviter med deg folk og kom på møte. Og ikkje gløym å be for det som skal skje, både når du er for deg sjølv og gjerne også på bønnemøta. Samling i bedehuskjellaren kvar dag, både klokka eitt og ein halvtime før møtestart.

     

    For eg skjemmest ikkje ved evangeliet, for det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur. (Rom 1:16)

     

    - - - - - - -


    18/02 2008
    KRIK, basar og ukveld


    Ferske bilde i haugevis!

     

    Då ligg ein god del av bilda frå møteveke-KRIK, IUF-basaren og siste ungdomskveld ute på nett.

     

    Bilda finn du som vanleg i bildegalleriet, og denne gongen får du mellom anna sjå kor god Sven Harald var i hallen. Kanskje ein forsmak på 16. mai på Valdervoll?

     

    Ligg det ute bilde av deg som du ikkje vil ha på nett? Ta kontakt med Nils-Ove, så skal vi ordne opp i det. Men forhåpentlegvis har sensuren fungert også denne gongen :)

     

    - - - - - - -


    11/02 2008
    Pictures from Bjorli


    Både på ukveld.net og Facebook!

     

    Då er dei fleste koristane tilbake frå ein kjempeflott tur til Bjorli. Nokre blei igjen attmed familiane sine, forhåpentlegvis kjem alle seg tilbake til IUF-møteveka som startar straks! :)

     

    Tusen takk til alle for ei flott helg med sol, nydeleg ver og ei fantastisk delestund laurdag kveld. Og vi reknar med at alle er klare for Bjorli også neste vinter?

     

    Bilda ligg ute på ukveld.net for alle som vil sjå. Om du har Facebook, kan du også kommentere. Så ser du sjølv kva link du vil trykke på, det er i alle fall dei same 139 bilda som ligge ute både her og der :)

     

    Bjorli 2008 på ukveld.net

    Bjorli 2008 #1 på Facebook

    Bjorli 2008 #2 på Facebook

    Bjorli 2008 #3 på Facebook

     

    - - - - - - -


    04/02 2008
    Bjorli-nytt

    Viktig melding frå Dagfinn:

     

    Alle som skal vere med på Bjorl-ituren må betale 850 kroner til kontonummer 3904 23 68621!

     

    For siste nytt om vêr og føre på Bjorli: Sjekk ut sidene til Bjorli Skisenter. Måndag var det 140 cm snø oppe, 110 cm nede og fire minus i lufta :)

     

    - - - - - - -

     


    30/01 2008
    Kornytt og helgainfo


    To opptredenar i februar.

     

    Viktig melding frå Dagfinn: Ungdomskoret skal synge søndagen i IUF-møteveka, altså 17. februar. Klokkeslett kjem seinare. Etter det er neste syngeoppdrag 29. februar på Godøy bedehus klokka 19.30.

     

    Elles er det ikkje ungdomskveld på Godøya til helga, men visstnok på Valderøya laurdag klokka 21.30! :)

     

    - - - - - - -


    24/01 2008
    Fjellhaug og Grandiosa

    Ungdomskveld igjen på laurdag!

     

    Laurdag 26. januar er det ungdomskveld igjen, og no kjem ei turnégruppe frå Fjellhaug på besøk. Alle som ikkje er på skileir MÅ ta seg ein tur! :)

     

    Etter møtedelen blir det Grandis, kiosk og anna moro i bedehuskjellaren utover kvelden/natta.

     

    God helg! :)

     

    - - - - - - -


    16/01 2008
    Vestborg-turné med korsong

    Ungdomskoret sesongdebuterer på heimebane!

     

    Fredag klokka 19.30 er det møte med Vestborg-russen på Godøy bedehus. Ungdomskoret skal opptre for aller første gong i 2008, oppmøte 18.45!

     

    - - - - - - -


    13/01 2008
    Musikal og litt til



    Ferske bilde - kun på ukveld.net!

     

    Laurdag kveld starta med Respons og musikalen "Gabriels hærskare", ei flott forestilling med fine, morosame og varierte songar. Gratulerer til både songarar og komp med ein solid og gjennomført musikal med klar og tydeleg bodskap!

     

    Etter kvart rusla vi ned i kjellaren til rykande varme pizzaskiver, spel og sosial mingling. Kristin og Lisa fekk det ærefulle oppdraget å dokumentere kva som skjedde, men brukte mest tid på å ta bilde av seg sjølve...

     

    Då klokka bikka midnatt fekk vi synge bursdagssongen til Margrethe. Den ferske 18-åringen stakk utruleg nok ikkje av, men sat fint og smilte mens Dorthea diska opp med bursdagsserviettar på bordet og greier.

     

    Takk til alle for ein flott kveld, vi kjem plutseleg tilbake med meir informasjon om neste ungdomskveld!

     

    PS! Bilda frå kvelden finn du sjølvsagt i bildegalleriet.

     

    - - - - - - -


    07/01 2008
    På an igjen

    Musikal skråstrek ungdomskveld.

     

    Vi sparkar igong det nye IUF-året med besøk! Ungdomskoret Respons kjem til Godøya med musikalen "Gabriels hærskare" på laurdag.

     

    Klokka ni bør dermed både store og små vere på plass for å få med seg korsong, solosong og skodespel med ein positiv bodskap. Eller eit litt annleis julespel, om du vil :)

     

    Musikalen er nesten heilt gratis: 50 kroner per person, 150,- per familie.

     

    Etterpå (ca klokka 23) blir det ope i bedehuskjellaren utover natta, med kiosk, bordtennis og mykje kjekke folk!

     

    - - - - - - -


    18/12 2007
    GOD JUL!


    Ha ei fantastisk jul, så snakkast vi igjen på IUF-festen!

     

    Med Severin sitt vakre julekort frå ungdomskvelden sist laurdag ønskjer vi alle ei fredfull og herleg god jul. Komande helg skjer det ikkje noko på Godøy-bedehuset, men vi kan for eksempel nemne Førjulsturneringa i Godøyhallen (fredag/laurdag) og julebord på Vigra-bedehuset (fredag).

     

    Laurdag 15 .desember var det på det meste over 70 innom dørene. Folk laga julekort, limte julelenker og åt nydeleg graut. Takk til alle for ein flott kveld med Marit-andakt og mange vitnesbyrd. Og ekstra takk til Kay Amund, Bård, Aleksander og Ørjan for fantastisk innsats på kjøkkkenet!

     

    Bilde frå ungdomskvelden finn du (sjølvsagt) i bildegalleriet.

     

    - - - - - - -


    11/12 2007
    Julegraut og juleverkstad


    Godøy bedehus, laurdag 15. desember!

     

    Ei ny veke i møteaksjonen er godt igang, denne veka blir det møte tysdag, onsdag, torsdag, fredag og laurdag 19.30. Og søndag 11.00. Og ungdomskveld på laurdag, sjølvsagt.

     

    19.30: Ungdomskoret syng på møte, vi reknar med at alle kjem for høyre på?

     

    21.00 (sånn cirka): Graut med ein gong møtet er ferdig, så juleverkstad, julesongar, juledelekveld og julestemning utover kvelden! :)

     

    - - - - - - -


    05/12 2007
    Møteaksjon og ukveld!

    Godøy bedehus is the place to be.

     

    Onsdag 5. desember startar adventsmøteaksjonen på Godøya. Marit og Irene skal tale på om lag ti møte og to ungdomskveldar dei neste vekene, dette blir saker!

     

    Ungdomskoret skal synge på møta fredag 7. og laurdag 15. desember, i tillegg til lysmesse søndag 9. og julekonsert søndag 16.

     

    Møta startar klokka 19.30, bønnemøte i kjellaren 19.00. Laurdag er det ungdomskveld etter møtet, altså sånn cirka klokka ni. Ta deg ein tur eller ti! :)

     

    - - - - - - -


    21/11 2007
    Godøy Vaflekor


    Sjå så fint vi har det i ungdomskoret!

     

    Under korøvinga måndag 19. november var det etter kvart stemmeøving. Denne gongen betydde det at gutane øvde i kjellaren, altane og nokre av sopranane øvde oppe - medan resten av sopranane (dei jentene som syng lysast) stakk på kjøkkenet for å steike vaflar!

     

    Dermed vart det pause med saft og nyyydelege vaflar med rømme og jordbærsylte, før øvinga vart avslutta med å synge gjennom den nye songen før Nils-Ove runda av kvelden med andakt.

     

    Har du lyst å vere med i koret? Vi kan ikkje garantere vaflar kvar gong, men som regel er det i alle fall saft og kjeks. Og så syng vi. Som regel ganske fint. Om Jesus og slikt. Og søsar og har det kjekt, slik eit ekte ungdomskor skal. Stort sett kvar måndag klokka 20, på Godøy bedehus. Det er berre å ta seg ein tur! :)

     

    - - - - - - -


    19/11 2007
    Åttitalsbilde og ny ukveld


    Ungdomskveld igjen komande laurdag.

     

    Mykje folk og god stemning då Stine inviterte til bursdagskalas laurdag. Ruben har tatt mange lekre bilde som du finn på Facebook. Her er linken for dei som ikkje har Facebook, her er linken for dei som har Facebook. Og nei, dette var ikkje reklame for Facebook, det er berre mykje enklare å gjere det slik enn å kopiere bilda over til ukveld.net...

     

    Allereie komande laurdag er det ungdomskveld igjen. Ha ei fin veke, så sjåast vi! :)

     

    - - - - - - -


    13/11 2007
    Åttitalsparty/ukveld/bursdagskalas


    Alt det beste skjedde på åttitalet!

     

    IUF-formann Stine er 25 år på fredag, og fins der ein betre måte enn å feire med alle som vil på Godøy bedehus?

     

    Finn fram kle fra 80-talet, ta med godt humør og søsefære, så skal dokke få andakt, lovsang og bursdagsselskapsleikar gratis på bedehuset!

     

    Alle som vil er hjartleg velkomne :)

     

    - - - - - - -


    05/11 2007
    Bilde frå laurdag


    Paparazzi-Ellen med nye blinskudd!

     

    Ellen Sofie Dybvik tok på seg det tunge ansvaret å ta bilde under ungdomskvelden laurdag 3. november. Ei oppgåve ho løyste med stil, ukveld.net har no haugevis med sjuke "fjæsetryne".

     

    Haakon og Fredrik gjekk ikkje til topps i Pro Evolution Soccer-turneringa, sjøl om stilen var veldig bra på bildet i alle fall. Vigringane Anders og Kristian tok med seg heider og ære heim igjen til Vigra etter 3-2 mot Nils-Ove og Ørjan i finalen, Geir Ove og Jonas kapra tredjeplassen etter 1-0 over Sven Harald og Severin i bronsefinalen. For dei som måtte lure...

     

    Neste ungdomskveld er laurdag 17. november. Åttitalsparty. Sjåast der. Ha det fint fram til då :)

     

    - - - - - - -


    31/10 2007
    Ungdomskveld/Pro-turnering

    Er du klar på laurdag?

     

    Laurdag klokka 21 er det ungdomskveld igjen, etter to helger på rad utan lovsongsrock, delestund og andre ungdommelige aktivitetar på Godøy-bedehuset laurdagskvelden.

     

    Etter møtedelen blir det Godøy Open, turnering i Pro Evolution Soccer 6. Finn deg ein partner, meld deg på og bli med på å finne ut kven som er dei to beste i heile verda i Pro! Vi stiller med to storskjermar og satsar på god stemning. Påmelding blir rett etter møtedelen, på grunn av puljeoppsett og planlegging blir det ikkje muleg å melde seg på seinare utover kvelden...

     

    I tillegg blir det kiosk, rykande varme vaflar, bordtennis, spel og moro. Som vanleg, så ta deg ein tur :)

     

    Og om knappe to veker er det åttitalsparty! Stine blir 25 år fredag 16. november, laurdag 17. inviterer ho til bursdagsfeiring/ungdomskveld/åttitalsparty på bedehuset. Finn fram gamle klesplagg, reklamer til alle du kjenner og så snakkast vi!

     

    - - - - - - -


    24/10 2007
    Tilbake til "kvardagen"



    Ferdig med Pit Stop, no er det på Godøya det skjer!

     

    Mange godøyingar var i helga i Langevågen på Pit Stop, vi håper at alle vart inspirerte av møta, seminara og konserten med Rudi Myntevik.

     

    Takk til alle som tok turen innover, forhåpentlegvis har alle lært noko vi kan ta med oss vidare i ungdomsarbeidet her ute?

     

    Komande fredag er det fredagstreff på bedehuset. Klokka tjue-to-null-null startar det, ta deg ein tur!

     

    Så ligg det ute ein del bilde frå Pit Stop, vi reklamerer litt for dei sidan det var så mange godøyingar på scena i løpet av helga.

     

    Eller som ein anonym ungdomskorbassist frå Leitebakk så fint seier det om lovsongsteamet under Pit Stop 2007:

     

    "Litt rusten/ruskete pianist, men gitar og bassist var samspilt og samstemt til de grader og spilte så tight at de to alene gjorde det hele til en melankolsk affære vel verdt inngangspengene.

     

    Trommisen litt ute av takt, men flyter på utseende imotsetning til pianisten. Alt i alt en solid innsats av bandet! Terningkast: 5."

     

    Pit Stop-bilde på ungmisjon.no

     

     

     

     

     

     

    - - - - - - -


    15/10 2007
    Pit Stop


    Ta deg ein tur til Langevågen!

     

    19.-21. oktober er det eit viktig arrangement for ungdom og ungdomsleiarar som brakar laust: Pit Stop!

     

    Bli med til Langevåg bedehus, der det blir solide møte, spennande undervisning, interessante verkstad/seminar og konsert med Rudi Myntevik. Som om ikkje det skulle vere nok, lovsongsteamet frå sjølvaste Godøya blir med på alle møta!

     

    Du kan overnatte billig på ein skule i Langevåg (25,- natta) eller reise fram og tilbake, det er heilt sikkert foreldre som kan hjelpe til med litt køyring her og der?

     

    Enten du vil melde deg på (anbefalast!) og vere der heile helga, eller berre vil kome innom på kveldsmøta og konserten - det heitaste tipset denne helga er Langevåg bedehus og Pit Stop 2007!

     

    For meir informasjon: imf-ung.no/pitstop

     

    - - - - - - -


    08/10 2007
    Cage was here



    Tusen takk til Øystein og resten av mannskoret.

     

    Laurdag var det fullt hus og hæla i taket då "Fjellhaug mannskor av lekmenn" kom på besøk og arrangerte ungdomskveld. Koret har godøyingen Geir Henning Tunheim som dirigent, i tillegg er Andreas Kalvø frå Giske og Øystein "Cage" Urkedal (bildet) frå Valderøya med som songarar.

     

    Mannskoret hadde med seg ein solid dose godt humør og skapte god stemning både under møtedelen og då det var leikar seinare på kvelden.

     

    Sven Harald og resten av gjengen på kjøkkenet varma pizza for harde livet, tusen takk til alle foreldra som stilte opp og baka til oss! We love you!

     

    Og kva syntes Godøy-jentene om å få eit heilt mannskor på 33 karar på besøk? Trine sin reaksjon seier vel det meste ;)

     

    Denne veka er det haustferie, men på bedehusa er det langt ifrå ferie. På Valderøya er det ungdomsveke med ein fyr som heiter Nils-Ove Støbakk som talar. Torsdag klokka 20, fredag 21, laurdag 21 og søndag 20 er dei magiske klokkesletta der.

     

    Og om det skulle verte for travelt å fare på Valderøya kvar dag, så er det ungdomskveld på Godøya laurdag klokka 21.

     

    Nyt ferien folkens, bruk tida godt!

     

     

     

    - - - - - - -


    03/10 2007
    Ungdomskveld og mannskor


    Besøk frå Fjellhaug.

     

    Laurdag kjem "Fjellhaug mannskor av lekmenn" på besøk til Godøya. Dei rundt 35 karane med base i Oslo skal først ha møte klokka 19, før dei inviterer til ungdomskveld klokka 21.

     

    Karane i mannskoret stiller med både talarar, møteleiarar, forsangarar og alt anna som høyrer med til ein solid møtedel. Og sidan dei er eit kor på turné, reknar vi nesten med at dei kjem til å synge litt til oss også?

     

    Etter kvart blir det pizza og kiosk i bedehuskjellaren, så får vi kose oss med bordtennis og spel utover kvelden.

     

    Kom på ungdomskveld (og gjerne møte også), ta dej en tur da vel!

     

    - - - - - - -


    28/09 2007
    Ikkje fredagstreff

    Vi kjem sterkare tilbake neste helg.

     

    Det vert ikkje fredagstreff på Godøya denne helga. Men for dei som likevel har lyst å spele bordtennis og henge i ein bedehuskjellar, kan vi opplyse om at det er kjellartreff på Valderøya fredag frå 21 og utover. Og laurdag er det årets siste ungdomskveld på Sagabu på Vigra. Kloka 22 startar det i den koslege hytta på Blindheimsfjellet.

     

    Neste helg får vi besøk av "Fjellhaug mannskor av lekmenn", ein solid gjeng frå Fjellhaug skoler i Oslo som skal ha både møte og ungdomskveld på laurdagen. Ifølgje rykta er Geir Henning Tunheim med i koret, dette finn vi ut neste helg. Til då - snakkes! :)

     

    - - - - - - -


    26/09 2007
    Talet er 52


    Mange bilde frå sist ukveld!

     

    Då er bilda frå ungdomskvelden 22. september ute på nett. Kvelden starta med møtedel der vi fekk besøk frå to Irene og to kjekke karar som fortalde litt om kvifor dei er kristne. Noko dei også oppfordra alle andre til å bli. Så song vi og hadde ei fin delestund der mange kom fram og tente eit lys.

     

    Etter kvart flytta alle seg ned i kjelleren til is og snacks, før det vart Singstar på storskjerm. I starten var dei fleste litt skeptiske og sjenerte, men det tok ikkje lang tid før det var kø for å sleppe til. Ivrigst av alle var Einar, som tok av til både DDE, Jahn Teigen og Cyndi Lauper. Idol neste?

     

    Til alle som har fått smaken på synging og vil synge meir: Ungdomskoret har øving kvar måndag klokka 20.00, no sist tok det heilt av med søsefære og dansing for harde livet. Det er berre å ta seg ein tur!

     

    - - - - - - -


    19/09 2007
    Møteveke!

    Noko som skjer kvar dag :)

     

    Denne veka er det Finnmarksforeninga på Godøya som har møteveke. Torsdag og fredag vert det kveldsmøte på Alnes bedehus klokka 19.30, laurdag er det jubileumsmøte (foreninga er 20 år i år) på Godøy-bedehuset klokka 17.00 og ungdomskveld 21.00.

     

    Søndag blir det kveldsmøte på Godøya klokka 19.30. Og ifølgje rykta er det hausttakkefest på gudsteneste tidlegare på dagen, for dei som klarer å kome seg opp til det :)

     

    - - - - - - -


    19/09 2007
    Saknar du ein nøkkel?

    Volvo-nøkkel funnen på Alnes.

     

    Har du vore på Alnes-bedehuset siste veka og gløymt igjen nøklane dine? Nils-Ove har i alle fall liggjande ein Volvo-nøkkel med fjernkontroll og ein liten nøkkel i tillegg. Er den din? Ta kontakt på 98 04 70 82.

     

    - - - - - - -


    17/09 2007
    Klare til innsats?

    Ungdomskveld igjen, er gruppe 1 klare?

     

    Laurdag 22. september er det nok ein gong ungdomskveld på Godøya, og no er det gruppe 1 som har ansvar for datastyring, møteleiing, mat og underhaldning. Nils-Ove fiksar plakatar, lovsongsteamet er klare til å rocke vilt og forhåpentlegvis er det også fleire som vil hjelpe til?

     

    Her er i alle fall dei som har ansvaret for det praktiske denne gongen:

     

    Gruppe 1: Bård Erik Nyvoll og Solveig Stenerud.

    Margrethe Strandkleiv, Bente, Natalie Breivik, Ruben, Klara, Dagfinn, Trine, Andrea, Sara Beate, Andreas Furnes, Mathias Furnes, Mathias Remmen, Alexandra.

     

    Dei andre gruppene finn du på Ungdomskveld-sida i menyen til venstre.

     

    PS! Dersom du står på ei gruppe og absolutt ikkje vil vere med, ta kontakt med Nils-Ove eller Stine. Og dersom du ikkje står på lista og vil vere med - då må du i alle fall ta kontakt! :)

     

    - - - - - - -


    16/09 2007
    Action på ukveld


    Ingenting er umuleg for Gud!

     

    Ungdomskvelden på Alnes vart ikkje heilt som alle andre ungdomskveldar. Veldig mange fekk ta imot forbøn og oppleve at Jesus kan gjere noko med oss også i år 2007.

     

    Takk til alle som kom, takk til Torgeir for tankevekkjande andakt og sterkt vitnesbyrd gjennom si nådegåve til forbøn og - ikkje minst - takk til Jesus for ein fantastisk og minnerik kveld!

     

    Vi har dessverre ingen bilde frå kvelden, men ganske mange har både video og bilde på mobiltelefonane sine. Spre ryktet - for som det står i Apostelgjerningane 4.20: "For vi kan ikkje anna enn å tala om det vi har sett og høyrt."

     

    Frå og med neste helg startar vi opp igjen med grupper, og vi håper at så mange som muleg vil oppleve gleda ved å vere med og hjelpe til på ungdomskveld. Vi har alle forskjellige gåver og talent, kanskje bør vi verte flinkere til å oppmuntre kvarandre og prøve noko nytt innimellom? Vi får be om ein banebrytande og givande haust :)

     

    - - - - - - -


    11/09 2007
    Møteveke på Alnes

    Onsdag til søndag, ungdomskveld på laurdag.

     

    Denne veka er det møteveke på Alnes-bedehuset, med Torgeir Tynes som talar. Det heile startar med onsdagsmøte onsdag 19.30, så blir det møte torsdag 19.30, basar fredag 19.30, ungdomskveld laurdag 21.00 og møte søndag 19.30.

     

    Ta deg ein tur til Alnes! :)

     

    - - - - - - -


    11/09 2007
    Sjefen sjøl


    Stine har kommandoen i IUF også det komande året.

     

    Laurdag var det årsmøte i Godøy og Alnes IUF, der det mellom anna vart vedtatt at brusprisen i IUF-kiosken skal hevast frå 15 til 20 kroner.

     

    I tillegg vart det vald inn nye styremedlemmer, og tysdag hadde nyestyret sitt første møte. Noko som resulterte i følgjande fordeling arbeidsåret 07/08:

     

    - Stine Brynestad, leiar og sekretær

    - Nils-Ove Støbakk, nestleiar

    - Sven Harald Nyvoll, kasserar

    - Bård Erik Nyvoll, kiosksjef 1

    - Aleksander Godø Alnes, kiosksjef 2

    - Solveig Stenerud, 1. vara

    - Ørjan Stenerud, 2. vara

     

    Bilde frå laurdag finn du på bildesida her på ukveld.net.

     

    - - - - - - -


    09/09 2007
    Korkvelds


    Viktig beskjed!

     

    Måndag 10. september startar Godøy Ungdomskor på haustsesongen med korkvelds klokka 20.30.

     

    Både gamle og nye medlemmer er hjarteleg velkomne! :)

     

    - - - - - - -


    05/09 2007
    Ungdomskveld/årsmøte

    Laurdag 21.00!

     

    Nok ein gong vil vi invitere til ungdomskveld på Godøy bedehus. Laurdag 8. september er Karl Arne Austnes talar, i tillegg blir det song, diverse info, is, kiosk og årsmøte.

     

    Vi startar oppe med møte, så flyttar vi oss ned etter kvart for snacks og sjølve årsmøtedelen, før det vert spel og andre sosiale aktivitetar utover natta.

     

    Og til dei som måtte lure og frykte - alle som er aktuelle for styreverv vil bli spurt FØR årsmøtet, så det er heilt trygt å møte opp! Vi skal ikkje halde på lenge, men må få på plass nytt styre og kanskje diskutere litt kva vi skal finne på det komande året?

     

    Sjåast på laurdag! :)

     

    - - - - - - -


    27/08 2007
    Back in business


    Endeleg er haustsesongen i gang igjen. Og i september blir det ukveld tre helger på rad!

     

    Laurdag var det ganske fullt hus og god stemning då dei ferske åttandeklassingane debuterte som ungdomskveld-deltakarar. Anne Furnes heldt andakt og vi fekk fleire flotte vitnesbyrd under lystenninga.

     

    Etterpå var det gryterett nede, kiosk og litt underhaldning. Det ligg ute mange artige bilde frå kvelden, for eksempel var Anniken kjempeglad for å få loff, Anna-Lena knuste gutane i lakrisgumling og åttandeklassingane var stille og rolige.

     

    I september blir det tre ungdomskveldar - sjå i kolonna til høgre for meir informasjon. Ungdomskoret og In*Puls startar også opp igjen etter kvart, vi kjem tilbake med meir informasjon når det nærmar seg! :)

     

    - - - - - - -


    08/08 2007
    Bilde frå laurdag


    Nokre mobilknips frå ungdomskvelden.

     

    Ingen hadde med kamera på laurdag, men Nils-Ove knipsa nokre bilde med mobiltelefonen slik at dei som ikkje var der kan få sjå litt av det som skjedde og kven som var tilstades.

     

    Det heile starta med møte og delestund oppe, før vi trakk ned i kjellaren til pizza, kiosk, amerikansk auksjon og sosialisering utover kvelden. Takk til alle som kom, takk til Stine for utfordrande andakt om å ta i eit tak (medlem = med-lem, vi er alle ein del av Kristi legeme her på jorda) og takk til Jesus for ein flott kveld!

     

    No er det ikkje ungdomskveld igjen på nokre veker, men vi håper at folk brukar tida fornuftig fram til då. Så snakkast vi laurdag 25. august :)

     

    - - - - - - -


    01/08 2007
    Pizza pizza

    Ungdomskveld med pizza og amerikansk auksjon.

     

    Laurdag 4. august er det nok ein gong ungdomskveld igjen. På menyen står heimelaga pizza, det blir kiosk og amerikansk auksjon og mykje anna. Andakt, lovsong og frie vitnesbyrd høyrer også med.

     

    Møt opp klokka 21, så snakkast vi!

     

    - - - - - - -


    12/07 2007
    Ungdomskveld på laurdag


    Fortvil ikkje, det skjer på laurdag!

     

    Førstkomande laurdag - 14. juli - er det ungdomskveld på Godøy bedehus klokka 21.00. Kay Amund skal halde andakt, elles blir det song og frie vitnesbyrd. I kjelleren blir kiosken open som vanleg, og det blir også is med tilbehør.

     

    Ta med ein venn eller ti og kom! :)

     

    - - - - - - -


    12/06 2007
    Ungdomskveld i sommar?


    IUF-styret tar fri, men kanskje skjer det noko likevel?

     

    Då er det ikkje satt opp ungdomskveld igjen før i august, men vi gjer som i fjor og oppfordrar folk til å arrangere ein kveld innimellom i løpet av sommaren. Så dersom du kan tenkje deg å ta ansvar ein laurdag, ta kontakt med Nils-Ove eller Stine - så skal vi sjå kva vi kan hjelpe til med :)

     

    Elles skjer det litt av kvart anna dei komande vekene som vi meir enn gjerne kan anbefale:

     

    - fredag 15. juni klokka 21 er det gospelnight i Sykkylven bedehus med Respons og Nytt Lys. Klokka 23 blir det konsert med jentegruppa Ljos.

     

    - laurdag 16. juni 21.30 er det ungdomskveld på Valderøya.

     

    - torsdag 21. juni er det skuleslutt-gospelnight på Valderøya, med Nils-Ove Støbakk som talar. Valderøy Ungdomskor syng +++

     

    - laurdag 23. juni er det jonsokfeiring på bedehuset, med opplegg for heile familien. IUF har ansvar for leikar og kiosk, dette skal bli kjempegøy!

     

    GOD SOMMAR! :)

     

    - - - - - - -


    07/06 2007
    Skulelagsavslutning og bilde


    Bilda frå laurdag er ute på nett. Og fredag må du kome på bedehuset igjen!

     

    Då er 19 bilde frå ungdomskvelden sist laurdag på plass i bildegalleriet. Det blei ein herleg kveld med norsk storsiger, andakt ved Linda Austnes og mange kjekke folk.

     

    Komande fredag (8. juni) skal skulelaget på Godøy-skulen ha avslutning på bedehuset. Dette vert kombinert med fredagstreff og startar klokka 21.00. Ta deg ein tur! :)

     

    - - - - - - -


    04/06 2007
    Kamp i koret


    Kven blir best i år?

     

    I dag (mandag 4. juni) er det ikkje vanleg korøving, men alle må kome likevel. Fredag er det nemleg "Kamp i koret", den interne underhaldningskonkurransen til Godøy Ungdomskor!

     

    Spre ryktet og sørg for at alle kjem på "øving", så vi kan planlegge dei forskjellige innslaga! :)

     

     

     

     

     

     

    - - - - - - -


    31/05 2007
    Landskamp og ungdomskveld


    Ja vi elsker og slikt.

     

    Laurdag 2. juni klokka 20.00 er det landskamp i fotball mellom Norge og Malta. Den kampen får du sjølvsagt sjå på storskjerm på Godøy bedehus!

     

    Kiosken opnar litt før kampstart, så folk får kose seg med snop og brus undervegs.

     

    Etter kampen blir det ungdomskveld, der vi enten kan trøyste kvarandre etter nok eit pinleg fotballtap eller juble saman over både siger på bana og - ikkje minst - at vi er på lag med Sigerherren sjølv!

     

    Snakkast på laurdag :)

     

    - - - - - - -


    28/05 2007
    Internasjonalt møte


    Hald-onsdagsmøte onsdag klokka 19.30.

     

    Lurer du på kva Kay Amund gjorde i Uganda? Er du interessert i å høyre meir om skulen han går på, Hald Internasjonale Senter? Kunne du tenkje deg å lære meir om korleis det er å arbeide med tenåringsmødre i Peru?

     

    I så fall bør du ta deg ein tur på onsdagsmøte førstkomande onsdag! Stikkord: Afrika, Sør-Amerika, lovsong +++ :)

     

    - - - - - - -


    22/05 2007
    Grillings på Giske

    In*Puls-avslutning med pølse, brus og og bål.

     

    Og så er In*Puls ferdige for i vår! Tysdag var det avslutning med "blåtur" til barnehagen på Giske og grillhytta der. Seks leiarar, 14 jenter, Simon og Morten slengte pølser og burgerar (Nils-Ove, i alle fall) på bålet og kosa seg i to timar - med is og Fadervår til slutt.

     

    Tiandeklassingane blei ønska lykke til med livet som "ikkje-inpulsarar", men fekk også klar beskjed om at dei meir enn gjerne kan kome tilbake i haust som hjelpeleiarar. Og forhåpentlegvis blir det litt fleire gutar til hausten, sjøl om Simon og Morten såg ut til å klare seg veldig fint åleine med alle jentene :)

     

     

    - - - - - - -


    22/05 2007
    Rudi, fredagstreff og Kairos


    Det er på øyane det skjer!

     

    Det er ikkje ungdomskveld no til helga, men fortvil ikkje. Det er nemleg utruleg mykje anna som skal skje:

     

    - Fredag klokka 19.30 skal Rudi Myntevik ha konsert i Giske kyrkje! For berre 100 kroner kan du få høyre kanskje den mest kjende lovsongaren i Norge for tida. Ta med godt humør, songstemma di og alle vennane som tør å fare til Giske!

     

    - Fredag klokka 22.00 er det fredagstreff på Godøy bedehus! Her treng vi vel ikkje å seie så mykje meir enn at du bør ta deg ein tur? Tjohei!

     

    - Laurdag klokka 22.00 er det Regaze i Giskehallen på Valderøya. Misjonssambandet har krinsårsmøte på Valderøya i helga, laurdagskvelden blir det eit stort ungdomsarrangement med mellom anna Valderøy Ungdomskor og krinskoret Kairos.

     

    Og om du skulle lure på kva du skal bruke tida til onsdag og torsdag kveld, kan vi berre i full fart nemne onsdagsmøte på Godøya 19.30 onsdag, Champions League-finale på TV3 20.45 same dag og ikkje minst Godøy-Stranda på Godøy stadion torsdag klokka 18.30. Og neste onsdag kjem Kay Amund og gjengen på besøk, det skal du få meir informasjon om etter kvart...

     

    - - - - - - -


    17/05 2007
    Trond-Vegard til topps


    Team Trond-Vegard løyste rebusar så det knaka og køyrde fint heile vegen. Dermed blei det siger i bilrebusen 2007!

     

    Trond-Vegard var berre ein av fire sjåførar som ikkje fekk tillegg i tida på grunn av for høg fart. Av dei totalt 28 bilane i feltet var det altså heile 24 som køyrde anten litt for fort eller veldig mykje for fort. Skjerpings, folkens!

     

    - Eg gir æra til laget mitt, sa Trond-Vegard då han stolt fekk ta imot den legendariske vandrebilen. Med seg på vinnarlaget hadde han Irina, Henriette, Morten og Espen.

     

    Nyvoll-klanen kom på andreplass, etter rekordrask rebusløysing men litt for mykje fart i svingane. På tredje kom Erlend "Paco", like rask i sporet som Trond-Vegard men med litt for mykje fart der han ikkje skulle ha fullt så mykje fart.

     

    Elles var rebusane tydelegvis litt vanskelegare i år enn i fjor, fleire måtte ha hjelp til over halvparten av rebusane. Mest valderøyingar, men også Steffen Urke - som fekk den lukrative jumboplassen. Anniken, som vanlegvis brukar å vere sist, sjokkerte alle og kom på 15. plass - rett bak fjorårsvinnar Lars Martin, som enda opp som nummer 14 denne gongen.

     

    Fullstendig resultatliste og bilde av dei tre vinnarlaga.

     

    Tusen takk til Mona og Øyvind, Wenche og Rune, Sølvi og Frank, Ingrid og Emil, Unni og Vidar, Kirsten og Per Arne, Toril og Olav Ståle, som alle stilte opp som "rebuslangarar". Og ikkje minst til Erik og Karl Arne for jobben som "politi". Så satsar vi på at det blir mindre kryss på fartsblokka til neste år...

     

    - - - - - - -


    14/05 2007
    Klar for bilrebus?


    Hurra for 16. mai!

     

    Som tradisjonen har vore dei siste hundre åra - 16. mai er det ungdomskveld og bilrebus. Vi startar klokka 20.00 med registrering - veldig viktig at alle som skal køyre møter opp då, slik at vi veit kven som har plass i bilane og ikkje. Og slik at vi eventuelt kan klare å skaffe ekstra bilar om det skulle trengs. Altså - registrering klokka tjue null null.

     

    20.30 er det ungdomskveld med andakt og lovsong, før vi tel opp deltakarane og prøver å fordele oss i bilane. Så satsar vi på at alle køyrer fint og roleg slik at det heller ikkje i år skjer noko gale. Og så blir det pølse med brød og kiosk utover kvelden/natta.

     

    Ta med deg alle vennane dine og kom - enten du er gammal nok til å køyre, har tenkt å vere rebusguru eller springe omkring på jakt etter dei kvite lappane. Snakkes! :)

     

    - - - - - - -


    08/05 2007
    Bilde frå laurdag


    Hald deg fast, vi har ferske bilde!

     

    Laurdag var det ungdomskveld igjen, for første gong på ganske lenge. Dette feira vi med lovsong, brownies og søseshow!

     

    Nils-Ove kunne juble som vinnar av "Dansefeber" etter å ha sjarmert damene i senk med Monkees-dansen sin. Morten var best til å ete lakrissnøre, eple i vatn og sjokolade i mjøl. Og browniesane var nydeleg gode - om nokon skulle vere i tvil.

     

    Bilda finn du sjølvsagt i bildegalleriet.

     

    - - - - - - -


    26/04 2007
    Natt til 1. mai-gospel


    Lyst innover? Vi hjelper deg med skyss.

     

    Måndag 30. april er det "natt til 1. mai-gospel" på Blindheim bedehus. Sjølve gospelnighten startar klokka 20.00, og då skal fleire kor synge. Og så skal lovsangsteamet frå Godøya spele til allsongen!

     

    I løpet av kvelden blir det også nattkafé med konsertar i bedehuskjellaren. For meir informasjon, sjå Ung Misjon si natt til 1. mai-side.

     

    Dersom du vil innover, men ikkje har skyss, ta kontakt med Nils-Ove eller Stine seinast søndag. Så skal vi sjå kva vi kan få til. Det blir i alle fall ein kjempekveld, så vi håper at så mange som muleg vil bli med innover!

     

    PS! Dersom du er med i ungdomskoret og vil vere med i felleskoret saman med Valderøy Ungdomskor, Nytt Lys, Respons og DaKruKo, ta kontakt med Nils-Ove så fort som muleg. Vi skal øve på to stilige songar frå 12 og utover på måndag og tek meir enn gjerne imot godøyingar i felleskoret!

     

    - - - - - - -


    26/04 2007
    Vårreingjering på bedehuset

    Tid til overs på laurdag?

     

    Laurdag 28. april er det dugnad på Godøy-bedehuset frå 10.00 og utover. Ifølgje lappen på butikken trengs det hjelp både til nedvask inne og vedlikehald inne og ute.

     

    "Fint om du kan stille opp ei stund og hjelpe til", skriv bedehusstyret. Og om nokon skulle vere i tvil: "Eit godt måltid skal det også bli :)"

     

    - - - - - - -

     

     


    20/04 2007
    Ung Time på 101,0!


    Kvar fredag frå 15 til 16.

     

    I dag, altså fredag 20. april, startar Nils-Ove opp med ungdomsprogram på Radio Sentrum. FM 101 komma null er den magiske frekvensen.

     

    Ung Time oppsummert med 15 ord: god musikk, konkurranse, tips til bra nettsider, intervju frå Hillsong og endå meir god musikk.

     

    Om du les dette for seint, eller er opptatt fredag ettermiddag mellom tre og fire, fortvil ikkje! Natt til søndag går sendinga i reprise frå tre til fire om natta, med andre ord rett etter at vi er ferdige å rydde på bedehuset. Og etter kvart skal det gå an å laste ned sendingane på ungmisjon.no, så alle som vil i heile verda kan få høyre på!

     

    Men først, altså:

    Fredag 20. april.

    Frekvensen er 101,0.

    Klokka 15 til 16.

    Ung Time.

     

    - - - - - - -


    17/04 2007
    Ungdomskveld og Salomo-finale


    It's ungdomskveld-time again!

     

    Laurdag klokka 21 er det ungdomskveld, for første gong på ganske lenge. Vi reknar med at alle har hatt ukveld-abstinens i heile påska og gler seg til å samlast på bedehuset igjen!

     

    Elles så skal finalen i Salomo-konkurransen arrangerast på Godøya i år. Laurdag klokka 18.30 skal tre lag frå 5.-7. klasse og tre lag frå ungdomsskulen konkurrere og finne ut kven som er best i landet på bibelkunnskap.

     

    Eitt av finalelaga heiter Godøy Ving, kom gjerne innom og hei dei lokale heltane fram til heider og ære :)

     

    - - - - - - -


    Arkivet

    Eldre artiklar finn du i arkivet.







  • Komande arrangement:

    Ungdomskor

    Måndag 8. februar

    20.00

     

    Ukveld

    Laurdag 13. februar

    21.00